Bankkort
Debetkort eller bankkort er knytte til ein konto med pengane dine, dette er typisk den kontoen lønna di kjem inn på. Når du handlar med bankkortet blir trekt beløpet direkte frå kontoen din. Dette kortet er det lurt å bruka i kvardagen.

Du bør bruka bankkort til:

  • Daglegvarehandel og kjøp i fysiske butikkar
  • Betala rekningar
  • Vennebetaling og betaling i butikk med Vipps

Kredittkort

Kredittkort er pengane til banken som du låner. Det er gebyr- og rentefritt når du betaler fakturaen innan 45 dagar. Det tryggaste er å alltid bruka kredittkort på reise eller ved netthandel. Det er òg lurt å bruka kredittkort til å betala for ulike abonnementstenester.

Du bør bruka kredittkort til:

  • Store uventa utgifter
  • Netthandel
  • Strømmetjenester og betaling i app (ved f.eks. transport og og bestilling av mat)
  • Betaling av reiser, hotell og leiebil
  • Minibankuttak i utlandet
  • Betaling i utlandet
  • Betaling med Vipps på nett og i app

Hugs at det er lurt å ha med seg to kort når du er på reise, eit bankkort og eit kredittkort. Skulle du mista eit kort eller nokon stel kortet sitt, så har du alltid ein back-up.

I mobilbanken har du full kontroll over korta dine. Du kan sjekka saldo og sjå oversikt over bruken. Hugs at du same PIN-kode på bankkortet og kredittkortettet.

Gode råd ved bruk av kredittkort

Bruker du pengane til banken er det viktig å tenka på at du må betala tilbake innan rimeleg tid. Det luraste er alltid å betala fakturaen no han forfell, så slepp du å betala renter. Treng du å utsetja betalinga over fleire månader, tilrår vi deg å bruka rentekalkulatoren vår. Då kan du enkelt få oversikta over omkostningene på førehand.