Korleis bør du betale når du handlar på nett?
Frå det gode gamle kredittkortet til nye tenester som Samsung Pay, Google Pay, Vipps og Klarna. Det finst mange måtar å betale på, og kvar av dei har sine fordelar.
I denne miniguiden går vi gjennom nokre av dei mest populære betalingsløysingane og fokuserer på fordelane og ulempene du bør kjenne til.
Vi ser på alt frå korleis du kan handle sikrare på nett med kredittkortet, til smarte appar som kan gjere livet ditt litt enklare. Sjekk dei ulike alternativa og finn løysinga som passar best for deg.
Kortbetaling? Du bør framleis bruke kredittkortet til netthandel
I dag er det like trygt å bruke bankkortet som kredittkortet når du handlar på nett, og du har omtrent dei same reklamasjonsrettane på begge korta.
Litt forskjell er det likevel – om noko skulle skje med kredittkortet ditt er det ikkje pengane på din bankkonto som blir berørte. Det er banken sine pengar som blir borte. Derfor anbefaler vi framleis at du bruker kredittkortet når du handlar på nett. På denne måten vernar du bankkontoen din mot eventuelt misbruk.
- Kredittkortet er ikkje knytt direkte til kontoen din, og du er forsikra mot ID-tjuveri.
- Reise- og avbestillingsforsikring inkludert når du bestiller reiser med kredittkortet.
- Ved manglande levering og konkurs har du gode reklamasjonsrettar som gjer at du får pengane tilbake.
- Bruker du kredittkortet kan du sjekke alle transaksjonar og kontrollere at alt er i orden før du betaler den månadlege faktura.
Godkjenn alle kjøp med BankID
Når du betaler med kredittkortet signerer du med BankID. Om du ikkje allereie har bytta til BankID-appen, er det på høg tid. Det er no over 3 millionar nordmenn som bruker BankID-appen. Kom i gang du også, så har du den tryggaste betalingsløysinga uansett kor du er. Les meir.