Hopp til innholdet
Mor kysser dottera si på panna medan dei sit i ein komfortabel lenestol.
Å sikre kredittkortet med betalingsforsikring betyr færre bekymringar for deg og dine nærmaste.
Kredittkort

Ekstra tryggleik for deg og dine

Visste du at du kan enkelt bestille ei betalingsforsikring tilknytt ditt Eika Kredittkort eller Eika Tilsett og sikre deg og din økonomi mot uforutsette hendingar?

Kva er ei betalingsforsikring?

Ei betalingsforsikring dekkjer det månadlege minimumsbeløpet på ditt Eika Kredittkort eller Eika Tilsett med privatansvar dersom du for eksempel blir mellombels arbeidsufør eller ufrivillig arbeidsledig (gjeld ikkje sjølvstendig næringsdrivande).

Forsikringa kostar 0,6 % av det uteståande beløpet du skuldar på kredittkortet per månad og du kan nytte deg av denne til du fyller 65 år.

Korleis kan eg kjøpe eller endre ei forsikring?

Du kan enkelt bestille betalingsforsikringa ved å fylle ut kontaktskjemaet vårt. Før du går vidare til bestilling må du lese godt gjennom forsikringsskildringa og avtalevilkåra.

Ønskjer du å gjere endringar på ei eksisterande forsikringsavtale kan du nytte same kontaktskjema.

Kan eg ombestemme meg?

Du har angrerett i løpet av dei første 14 dagane etter kjøp av betalingsforsikringa. Dette er ein generell angrerett som gjeld for alle finansielle tenester kjøpt gjennom digitale løysingar.

Ønskjer du å nytte deg av angreretten må du fylle ut angreskjemaet. Ferdigutfylt angreskjema kan sendast på e-post til kundesenter@eika.no eller per post til Eika Kredittbank AS, Postboks 1228, 2806 Gjøvik.

Har du innbetalt forsikringspremie i løpet av dei første 14 dagane, vil denne bli refundert.

Her kan du kjøpe eller endre ei betalingsforsikring

Følg alle stega i prosessen. Ønskjer du å endre ei forsikring kan du gå direkte til steg 3.

Kvinne på ferie tek ein selfie framfor Tower Bridge i London, smilande i solskinet med solbriller og fargerik topp.

Enno ikkje fått kredittkort frå oss?

Sjekk Eika Kredittkort – eit kort med gode forsikringar, spennande fordelar og digitale korttenester som forenklar kvardagen.

Kvinne på ferie tek ein selfie framfor Tower Bridge i London, smilande i solskinet med solbriller og fargerik topp.

Enno ikkje fått kredittkort frå oss? 

Sjekk Eika Kredittkort – eit kort med gode forsikringar, spennande fordelar og digitale korttenester som forenklar kvardagen.