Hopp til innholdet

BankID

BankID er din digitale legitimasjon som gjer at du trygt og enkelt kan identifisere deg på nett. Du kan bruke det ved signering av dokument og avtalar i banken og i ei rekke andre offentlege portalar, og ved trygg netthandel.

Ein mann som har PC-en sin i fanget medan han ser på telefonen sin.

BankID-app – det sikraste valet

BankID-app er ein digital variant av kodebrikka di. Den er tryggare, enklare og betre enn andre BankID-metodar fordi den er basert på nyare teknologi.

Med BankID-appen er du betre beskytta mot svindel fordi du ikkje har nokon kode å oppgi, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt avbryte dersom det er noko som ikkje stemmer. Du kan aktivere appen både med pass, nasjonalt ID-kort eller med kodebrikka di.

Last ned BankID-appen

  1. Klikk på lenken under for å laste ned appen.
  2. Opne appen og følg instruksjonane for aktivering.
  3. Du har no ein sikker og trygg BankID-metode

Appstore logo  Google Play logo

Får du feilmelding når du skal aktivere BankID-appen?

Har du allereie prøvd å laste ned BankID-appen, kan det tenkast at det heng igjen ein utdatert versjon av BankID-appen på telefonen din. Då lønner det seg å slette BankID-appen, laste den ned og aktivere appen på nytt.

Slik sperrar du din BankID

Har du mista kodebrikka di, eller mistenker du at den er stolen? Eller har du mistanke om at nokon har fått kjennskap til ditt BankID-passord? Då er det viktig å endre passord (dette kan du gjere direkte i BankID-appen) eller ta kontakt med banken umiddelbart!

Får du feilmeldingar når du bruker BankID?

BankID har oversikt over dei ulike feilmeldingane og tips til kva du kan gjere dersom du får ei feilmelding. Sjå oversikta her. Du kan også sjekke status på BankID her. 

Spørsmål og svar om BankID

BankID-app er tryggare å bruke enn kodebrikka fordi du er betre beskytta mot svindel. Med BankID-app har du ikkje nokon kode å oppgi, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt avbryte dersom noko ikkje stemmer.

BankID-app er ein digital variant av kodebrikka. BankID-app er tryggare, enklare og betre enn andre BankID-metodar fordi den er basert på nyare teknologi. Med BankID-appen er du betre beskytta mot svindel fordi du ikkje har nokon kode å oppgi, du får betre informasjon om innlogging/kjøp og kan enkelt avbryte dersom noko ikkje stemmer.

  • Ha pass, nasjonalt ID-kort eller kodebrikken tilgjengeleg
  • Last ned BankID-app frå App Store eller Google Play
  • Følg anvisningane på skjermen.

Lurer du på noko undervegs?
Les alt om aktivering med pass her
Les alt om aktivering med nasjonalt ID-kort her
Les alt om aktivering med kodebrikke

Ved å bruke innlogging med ansiktsgjenkjenning eller fingeravtrykk, vil du få ei endå betre brukaroppleving i BankID-appen, som samtidig ivaretek sikkerheit og personvern på ein trygg måte. Ei innlogging ved bruk av ansikt eller finger i BankID-appen er raskare enn å logge inn med passord.

Her ser du korleis du kjem i gang med biometri

Har du BankID-app kan du enkelt endre dette ved å gå inn i appen under innstillingar. Har du ikkje BankID-app, må du kontakte oss for å endre passordet ditt.

 

BankID-policy og avtalevilkår

The Trust Service Provider Statement (TSPS) beskriver banken sin offentlege nøkkelinfrastruktur for utstedelse av elektroniske identitetar (eID) til sluttbrukarar for BankID. Dersom du ønskjer å lese eit forenkla dokument, kan du laste ned avtalevilkår for BankID-app (PDF).

Jente med kaffi i handa, som ser på mobilen sin.

Slik unngår du å bli svindla

Les meir om korleis du kan oppdage svindelforsøk