Når må du ta av piggdekka?
Fristen for å ta av piggdekka er frå og med første måndag etter 2. påskedag, med unntak av Nordland, Troms og Finnmark kor datoane er frå og med 1. mai. For piggfrie dekk gjeld ikkje desse reglane. Krava om tilstrekkeleg veggrep veg tyngre enn fristane for når piggdekk kan nyttast. Det er du som fører av bilen som må vurdere om køyretøyet har tilstrekkeleg veggrep.
Mønsterdjupn
Minimumskrav til mønsterdjupn på sommardekk er 1.6 millimeter, men ei mønsterdjupn på 3 millimeter er anbefalt.
Skal du skifte dekk sjølv?
Her finn du nokre tips til kva det er lurt å tenkje på.
- Sjå til at bilen står på rett underlag og helst ikkje på laus grus.
- Sjå til at bilen står i gir og at handbrekket er på.
- Ha ein god jekk og sørg for at denne er riktig plassert. Sjå bilen sitt instruksjonshefte.
- Ikkje flytt deg under ein bil som berre står på jekk.
- Løys hjulmutrar/boltar før bilen blir jekka opp.
- Sjekk mønsterdjupna på dekka.
- Sjå til at hjula blir plassert riktig i henhold til rulleretning.
- Stram til annakvar hjulmutter/bolt til alle er skrudd inntil. Ikkje stram for hardt, då kan du skade gjengar eller felg.
- Sjekk lufttrykket på dekka.
- Etter noko tids køyring bør du etterkontrollere at hjulmutrar/boltar sit.
Kjelde: NAF, Statens Vegvesen