Hopp til innholdet
Kvar dag går tusenvis av barn og unge til og frå skulen. Slik kan du bidra til å gjere skulevegen tryggare for dei.
Bilforsikring

Trygg skuleveg

Kvardagen er i gang igjen, og det betyr mykje aktivitet rundt skular og barnehagar. No er det viktig å vere ekstra merksam og fokusert i trafikken.

Skulevegen er krevjande for mange barn. For førsteklassingane er skulevegen ofte det første verkelege møtet med trafikken. Dei minste barna er impulsive, leikande og let seg lett distrahere. Derfor må foreldre og sjåførar vere ekstra observante.

Ver ekstra merksam

Alle bilistar, både med og utan barn, må vere ekstra merksame når skulane startar opp igjen. Ved skulestart endrar trafikkbiletet seg, og vegane blir fulle av små fotgjengarar. Ikkje berre er dei vanskelege å få auga på, men dei forstår ikkje trafikkbiletet og klarer ikkje tolke det dei ser og høyrer i trafikken. Derfor har alle vaksne eit ekstra ansvar for å passe på dei små trafikantane.

7 gode tips til en tryggare skuleveg

1. Vel den tryggaste skulevegen

Det er ikkje sikkert den kortaste vegen er den tryggaste.

2. Øv på å gå til skulen

Gå skulevegen saman med barna dine og snakk med barna dine om utfordringar som kan dukke opp. Då blir barna tryggare på vegen og er betre førebudde.

3. Ha faste rutinar, ver tydeleg og konsekvent

Repeter om igjen og om igjen, og snakk om kva som er viktig å hugse på. Stopp for eksempel alltid på fortauskanten, sjølv om de har grønt lys.

4. Lær barna å bruke blikket

Å sjå seg for må lærast. Lær barna kva dei skal sjå etter og korleis dei skal bruke blikket sitt.

5. Gi barnet gradvis meir ansvar

Gå saman med barnet ditt til du ser at barnet ditt gjer dei tinga de har øvd på. Etter det kan du begynne å gå nokre meter bak.

6. Lag ei gågruppe

Snakk med andre foreldre og etabler gågrupper der de byter på å følgje ei gruppe med barn til skulen.

7. Lag ei "hjartesone"

Ei hjartesone er ei trygg sone rundt skulen der det er ekstra fokus på trafikktryggleik. Ta kontakt med skulen sitt FAU eller rektor for å finne ut korleis skulen din kan bli ein Hjartesone-skule.