Hopp til innholdet
Ei ung kvinne smiler mot kameraet medan ho held ein kaffikopp, står på eit moderne kjøken med trebenkar og kvite skap.

Du som eig aleine

Du eig heimen din aleine og nyt fridomen med at du berre har ansvar for deg sjølv.

Du kan gjere akkurat som du vil, når du vil. Men med fridomen kjem det òg eit ansvar for å sikre deg viss ting går gale. Du som eig aleine bør ta ein titt på desse forsikringane, slik at du står litt tryggare om ting blir litt vanskelegare.

Du bør ha desse forsikringane

Uføreforsikring gjer at du ikkje mister like mykje av lønna di viss du blir ufør og mister moglegheita til å jobbe. Du beheld sjølvstendet ditt og står tryggare økonomisk.

Å vere ufør vil seie at du ikkje kan jobbe så mykje som du vil, sidan du har blitt sjuk eller skadd. Det finst fleire grader av uførheit. Du kan vere ufør nokre timar i veka, eller kvar dag.

Lønna du taper kan gjere det vanskeleg å betale faste utgifter som lån, straum og mat. Det blir òg utfordrande å behalde levestandarden din.

Med ei uføreforsikring får du meir enn du kan forvente frå NAV. Jo tidlegare du kjøper ei uføreforsikring, jo større er sjansen for at du er forsikra for alle moglege uføreårsaker. Har du allereie plager når du søkjer forsikringa, så kjem den ikkje til å dekke dei.

Vår uføreforsikring dekkjer òg viss du blir ufør på grunn av psykiske sjukdomar.

Lurer du på kor mykje du får viss du blir ufør? Sjekk ut uførekalkulatoren vår.

iss du får ei alvorleg sjukdom endrar livet seg totalt. Du får plutseleg heilt nye behov, mindre energi og det kan bli vanskeleg å jobbe så mykje som du vil.

Med ei kritisk sjukdomsforsikring får du eit beløp kort tid etter du får diagnosen. Du kan bruke pengane på det du treng, slik som behandling i utlandet, meir tid med dei du bryr deg om eller ein ekstra ferietur. Den let deg fokusere på det aller viktigaste – nemleg deg og helsa di.

UNG-forsikringer laga for å gjere forsikringar enkelt for deg som er under 34 år. Der får du samla alle dei viktigaste forsikringane på éin plass til den nette sum av 172 kroner i månaden. Og i tillegg gir den 25 % rabatt på bilforsikring viss du treng det òg.

Du får dette i UNG-forsikringa:

Innbuforsikring
Ei innbuforsikring sikrar tinga dine heime. Viss det blir innbrot, brann, lekkasje eller noko går i bakken, så er det innbuforsikringa som gjer at du kan erstatte det som blir øydelagt. Den dekkjer til og med uhell du har andre stader.

Reiseforsikring
Med reiseforsikring er du sikra frå du går ut døra heime. Den gjeld uansett om du skal ein rask tur på butikken, eller om du ligg på stranda i Syden. Den dekkjer skader, sjukdom, ulykker, tjuveri og andre problem som kan dukke opp på reisa di, uansett om den varer ti minutt eller to månader.

Ulykkesforsikring
Viss du er i ei ulykke kan du kanskje ikkje jobbe like mykje på nokre veker og det kan dukke opp nokre ekstra utgifter. Med ei ulykkesforsikring får du erstatning viss du blir skadd i ei ulykke.

Verdigjenstand
Du kan velje å leggje til UNG Verdigjenstand for å gjere laptopen, bunaden eller andre verdifulle eigendelar du er glad i, litt tryggare.

Rådgiver med headset

Vil du snakke om forsikringane?

No som du veit litt meir om kva forsikringar du burde ha fristar det kanskje med ein prat med nokon som verkeleg kan forsikringar? Vi snakkar gjerne med deg om behova dine og syr saman ein pakke for deg.

Eileen Bjørnestad Dale

Eileen Bjørnestad Dale

Rådgjevar forsikring

57 64 85 26