Hopp til innholdet
Ung mann og kvinne på kafé med mat og kaffi

Du som er ung og lovande

Finn den beste forsikringa for deg som er ung. Enkelt, forståeleg og rett på sak. Sikre framtida di med våre råd og tips!

Når du flyttar heimanfrå må du ha dine eigne forsikringar. Det kan vere vanskeleg å vite kva forsikringar du bør ha. Men vi skal gjere vårt beste for å gjere det litt lettare for deg.

Du bør ha desse forsikringane

Viss du tener meir enn 300 000 i året burde du ha ei uføreforsikring. Den gjer at du ikkje mister like mykje av lønna di viss du blir ufør og ikkje kan jobbe. Du beheld sjølvstendet ditt og står tryggare økonomisk.

Å vere ufør vil seie at du ikkje kan jobbe så mykje som du vil, sidan du har blitt sjuk eller skadd. Det finst fleire grader av uførheit. Du kan vere ufør nokre timar i veka, eller kvar dag.

Når du mister lønna di blir det vanskeleg å betale faste utgifter, som leige og straum. Det blir òg utfordrande å behalde levestandarden din.

Med ei uføreforsikring får du meir enn du kan forvente frå NAV. Jo tidlegare du kjøper ei uføreforsikring, jo større er sjansen for at du er forsikra for alle moglege uføreårsaker. Har du allereie plager når du søkjer forsikringa, så kjem den ikkje til å dekke dei.

Vår uføreforsikring dekkjer òg viss du blir ufør på grunn av psykiske sjukdomar.

Lurer du på kor mykje du får viss du blir ufør? Sjekk ut uførekalkulatoren vår.

UNG-forsikring er laga for å gjere forsikringar enkelt for deg som er under 34 år. Der får du samla alle dei viktigaste forsikringane på éin plass til den nette sum av 172 kroner i månaden. Og i tillegg gir den 25 % rabatt på bilforsikring viss du treng det òg.

Du får dette i UNG-forsikringa:

Innbuforsikring
Ei innbuforsikring sikrar tinga du har heime. Når du leiger er det utleigaren din som må forsikre sjølve leilegheita eller huset, men det hjelper ikkje viss det skjer noko med tinga dine. Viss det blir innbrot, brann, lekkasje eller noko går i bakken, så er det innbuforsikringa som gjer at du kan erstatte det som blir øydelagt. Den dekkjer til og med uhell du har andre stader.

Reiseforsikring
Med reiseforsikring er du sikra frå du går ut døra heime. Den gjeld uansett om du skal ein rask tur på butikken, eller om du ligg på stranda i Syden. Den dekkjer skader, sjukdom, ulykker, tjuveri og andre problem som kan dukke opp på reisa di, uansett om den varer ti minutt eller to månader.

Ulykkesforsikring
Viss du er i ei ulykke kan du kanskje ikkje jobbe like mykje på nokre veker og det kan dukke opp nokre ekstra utgifter. Med ei ulykkesforsikring får du erstatning viss du blir skadd i ei ulykke.

Verdigjenstand
Du kan velje å leggje til UNG Verdigjenstand for å gjere laptopen, gitaren eller andre verdifulle eigendelar du er glad i, litt tryggare.

Rådgiver med headset

Vil du snakke om forsikringane?

No som du veit litt meir om kva forsikringar du burde ha, fristar det kanskje med ein prat med nokon som verkeleg kan forsikringar? Vi snakkar gjerne med deg om behova dine og syr saman ein pakke for deg.

Eileen Bjørnestad Dale

Eileen Bjørnestad Dale

Rådgjevar forsikring

57 64 85 26