Hopp til innholdet
Liten jente med et stort smil som sitter ved siden av faren sin, som holder en sovende baby, i en fargerik utendørssetting.

Du som har barn

Når du har barn har du ikkje berre ansvar for deg sjølv lengre.

Enten du er nybakt eller erfaren forelder, har du nokon du skal oppdra og passe på. Då er det viktig å vere førebudd viss noko skjer med deg eller barnet ditt. Vi tilrår desse forsikringane til deg som har barn.

Du bør ha desse forsikringane

Ei barneforsikring er eit ekstra tryggingsnett som dekkjer utgiftene det offentlege ikkje gjer. Den gir deg økonomisk hjelp viss barnet ditt blir utsett for ei ulykke eller sjukdom. Om barnet ditt blir sjukt eller skadd, vil det endre kvardagen til heile familien, spesielt når det varer lenge.

Ei barneforsikring gjer at du kan fokusere på det som betyr noko i ei vanskeleg tid. Gjennom støtte til både deg som forelder og til barnet ditt, får du fridomen til å ta vala du treng for å vere til stades. Du får moglegheita til å gjere det beste for familien din.

Forsikringa bidreg til å sikre framtida til barnet ditt ved å dekke utgifter til medisinsk behandling, reiseutgifter ved behandling og nødvendig tilpassing av heimen din. Barnet står betre rusta til å møte ein annleis kvardag.

Du kan skaffe barneforsikring frå barnet er tre månader til ungdommen er 18 år, og den kan beholdast til dei fyller 25.

Ei uføreforsikring gjer at du ikkje mister like mye av lønna di viss du blir ufør og mister moglegheita til å jobbe. Du beheld sjølvstendet ditt og står tryggare økonomisk.

Når du mister lønna di blir det vanskeleg å betale faste utgifter, som leige og straum. Og det blir utfordrande å behalde levestandarden din.

Med ei uføreforsikring får du meir enn du kan forvente frå NAV. Jo tidlegare du kjøper ei uføreforsikring, jo større er sjansen for at du er forsikra for alle moglege uføreårsaker. Har du allereie plager når du søkjer forsikringa, så kjem den ikkje til å dekke dei.

Vår uføreforsikring dekkjer òg viss du blir ufør på grunn av psykiske sjukdomar.

Lurer du på kor mykje du sit igjen med viss du blir ufør? Sjekk ut uførekalkulatoren vår.

Viss du døyr etterlet det eit stort hol hos dei som blir igjen, òg i lommeboka. Når to blir til éin kan det bli vanskeleg å betale på lånet og det er ikkje alle som klarer å behalde heimen.

Med ei livsforsikring får den du etterlet ein sum som gjer det mogleg å behalde heimen dykkar. Men pengane kan brukast på kva som helst. Til dømes å nedbetale gjeld, utgifter til gravferda, rekningar du pleidde å betale, eller for å ha ein buffer.

Rådgiver med headset

Vil du snakke om forsikringane du treng?

No som du veit litt meir om kva forsikringar du burde ha, fristar det kanskje med ein prat med nokon som verkeleg kan forsikringar? Vi snakkar gjerne med deg om behova dine og syr saman ein pakke for deg.

Eileen Bjørnestad Dale

Eileen Bjørnestad Dale

Rådgjevar forsikring

57 64 85 26