Hopp til innholdet
Seilbåter på land dekket med presenninger for vinteropplag, linet opp i en marina med master som stikker opp i bakgrunnen mot en klar himmel.
Sjølv om sommaren er ein fjern draum, må du ikkje gløyme å sjekke båten din med jamne mellomrom.
Batforsikring

Hugs å sjekke båten din om vinteren

Er du klar over at du må passe på båten din om vinteren òg? Gjer du ikkje det, kan det fort bli dyrt om uhellet er ute.

Ah. Vinteren er her og båten ligg trygt lagra for vind, kulde og ruskevær. No treng eg ikkje gjere noko før våren kjem … tenkjer kanskje mange båteigarar og gløymer ein viktig detalj i forsikringsvilkåra sine: tilsynet.

Ein tredjedel av alle skadar som blir meld inn på fritidsbåtar skjer nemleg om vinteren, og sjekkar du båten din ofte forhindrar og avgrensar du både skadar og slitasje, og avdekkjer ting som kan unngåast.

Du må føre tilsyn med båten

Faktisk er du som båteigar ansvarleg for at det blir haldt tilsyn med båten din, også om vinteren.

«Står båten på opplag skal det førast jamleg tilsyn med båten», forklarer Amund Engeskaug, Produktansvarleg i Eika Forsikring.
Overheld du ikkje dette kravet om tilsyn, kan det få følgjer for oppgjeret.
Så ta den ekstra turen for å vere på den sikre sida.

Kor ofte må du sjekke båten?

I vilkåra til båtforsikringa vår, spesifiserer vi kva vi meiner med jamleg:

Minst éin gong i månaden i vinterhalvåret og elles ved store nedbørsmengder

Kva må du sjekke?

Under tilsynet skal båten mellom anna sjekkast:

  • Inn- og utvendig for eventuelle feil, skadar eller manglar under opplaget
  • At den er forsvarleg oppstøtta og tildekka

– I tillegg er det viktig at du følgjer instruksjonsboka til båt og motor i alle tilfelle, tilføyer Engeskaug.

Slik tar du godt vare på båten din i vinter

Redningsselskapet har nokre gode råd til korleis du kan ta godt vare på båten din i vinter.

Vinterlagring på land

  1. Ta opp båten og vask reint inn- og utvendig.
  2. Du sparer mykje arbeid ved å fjerne groe og skjell med ein gang.
  3. Hugs å tørke opp vatn.
  4. Luft ut båtens innreiing for å avgrense kondens (gjeld òg i motorrommet).
  5. Køyr motoren i ferskvatn. Gjeld også innanbordsmotorens sjøvatnsystem.
  6. Sjekk motorens frostvæskenivå og mål frysepunktet.
  7. Skift gjerne motorolje og oljefilter.
  8. Fyll opp drivstofftanken.
  9. Ved mistanke om ureinheter i tanken bør den tømast heilt, reinsast og alle drivstoffilter bør byttes.
  10. Gå over alle smørepunkter, smør gjerne wireoverføringer og bevegelege delar. Reins og set inn med eit tynt lag fett. Bruk syrefri vaselin, spray grease eller liknande.
  11. Beveg alle bunnventilar og overbordventilar, set inn med fett. Bunnventilar kan gjerne stå opne når båten står på land.
  12. Steng av hovudstrømbrytar, eventuelt kopl frå batteri.
  13. Kontroller brannsløkkingsutstyr, stryggingsutstyr og pyroteknisk utstyr, pass på utløpsdato.
  14. Ta gjerne utstyret med på land og lagre frostfritt.
  15. Ta på land verdisaker.
  16. Tøm båten for puter og anna som er utsett for jordslag.
  17. Installer en frostvakt for å holde lunken i lugar og motorrom.

Vinterlagring på sjøen

  1. Tøm septikk- og ferskvatntankar.
  2. Fyll frostvæske i toalett og vasslåser.
  3. Sjekk motorens frostvæskenivå og mål frysepunktet.
  4. Skift gjerne motorolje og oljefilter.
  5. Fyll opp drivstofftanken. Ved mistanke om ureinheiter i tanken bør den tømast heilt, reinsast og alle drivstoffilter bør bytast.
  6. Gå over alle smørepunkt, smør gjerne wireoverføringar og bevegelege delar. Reins og set inn med eit tynt lag fett. Bruk syrefri vaselin, spray grease eller liknande.
  7. Rør på alle bunnventilar og overbordventilar, set inn med fett.
  8. Vask reint inn- og utvendig. Hugs å tørke opp vatn.
  9. Luft ut båtens innreiing for å avgrense kondens (gjeld òg i motorrommet).
  10. Bruk gjerne «fuktslukar», eller vedlikehaldsvarme.
  11. Båten bør, om mogleg, dekkast til med presenning. Hugs at presenningen bør spennast opp slik at snø og vatn renn av.
  12. Gå over alle fortøyingar, sjekk innfestingar og pullertar.
  13. Steng av hovudstrømsbrytar, eventuelt kopl frå batteri. Ikkje om du har automatisk lensepumpe.

Og sist, men ikkje minst, nemner dei det vi faktisk snakkar om i denne artikkelen: Hald jamleg tilsyn med båten gjennom heile vinteren.

Kjelde: Redningsselskapet