Hopp til innholdet
Førebur du deg godt, kan ditt neste bilkjøp gjere både lommeboka og hjartet ditt fornøgd.
Bilforsikring

Skal du byte bil?

Når du skal byte bil, skal du kanskje kjøpe og selje på ein gong. Her får du nokre gode råd på vegen til ein god bildeal.

egen til ein god bildeal, anten du skal kjøpe eller selje (eller begge deler), er ikkje alltid like rett fram. Det er mykje du må ha på stell før du i det heile tatt byrjar, og i denne artikkelen gir vi deg nokre enkle og gode råd som vi håper gjer prosessen litt enklare.

Så spenn setebeltet, no startar vi.

Dette bør du gjere når du skal kjøpe ein bil

Ny eller brukt? Stor eller liten? Fancy eller funksjonell? Privat eller forhandlar? Elektrisk eller bensin? Blå eller svart?

Det er mange spørsmål du må finne svar på viss du skal byte ut bilen din.

Vi tok ein prat med Jan Ivar Engebretsen, kommunikasjonsrådgjevar i NAF, for å hjelpe deg litt på vegen, og han har nokre gode råd.

Finn ut kva du eigentleg treng

– Først må du sjølvsagt spørje deg sjølv kva du skal bruke bilen til, og i kva prisklasse du vil leita. Deretter må du bruke dei knepa som finst for å gjere eit best mogleg kjøp, rår Engebretsen.

Bur du i byen med tronge parkeringsplassar, treng du kanskje ein litt mindre bil. Skal du ha plass til barnevogna eller hundeburet, treng du nok ein stasjonsvogn.

Forhandlar eller privat?

– Privat er billigare, forhandlar er tryggare. Det viktigaste er uansett at du les nøye gjennom serviceheftet og sjekkar at alt er på stell. Ta gjerne med deg nokon som har peiling på bil. For å vere heilt sikker kan du be om at bilen NAF-testast før de inngår ein avtale, seier Engebretsen og held fram:

– Når du har bestemt deg for å kjøpe bilen, er det éin ting du alltid må gjere. Sørg for at de skriv kjøpskontrakt. Då unngår du problem i ettertid, avsluttar han.

La forhandlarane kjempe om deg

Går du for å kjøpe den nye bilen din hos ein bilforhandlar, bør du ikkje takke ja til det første og beste tilbodet som dukkar opp. Shop litt rundt og sjekk hos fleire bilbutikkar.

– Start med å finne tre ulike bilar i riktig prisklasse og segment. Gå til dei ulike forhandlarane og sei som det er: At du er interessert i bilen, men at du også ser på bilar hos andre forhandlarar. Då ser du kven som er viljuge til å kutte prisen, seier Engebretsen.

Rådet gjeld også om du skal kjøpe nybil:

– Då er det vanskelegare å få avslag i pris, men du kan til gjengjeld få med meir ekstrautstyr, forklarar han.

Kjøp ein bil som er to år gammal

Ja, for når det gjeld kva som lønner seg reint økonomisk, er ikkje Engebretsen i tvil:

– Bilen fell mest i verdi dei første par-tre åra den er i bruk. Ein bil som er to år gammal er framleis ganske ny, rimelegare, og er forhåpentlegvis ferdig med alle barnesjukdommar. Med dagens bilar har du framleis nybilgaranti også, seier rådgjevaren.

Sel bilen din igjen etter tre år

Nokre bilmerke har så mykje som sju års nybilgaranti, noko som kan gjere kjøpet ekstra gunstig.

– Mange har ein bil i tre år før dei byter. Kjøp ein bil som er to år gammal, og sel den som femåring. Då har den framleis to år igjen av nybilgarantien, og du kan forvente å få ein grei pris, forklarar Engebretsen.

Men skal du selje den privat, er det mykje du må passe på.

Ikke gløym bilforsikringa

Når du har kjøpt ein bil, er du nødt til å ha forsikringane i orden. Hos oss kan du velje mellom fire ulike bilforsikringar med forskjellige dekningar.

Ansvar: Denne må du uansett ha, og forsikringa dekkjer personskadar og ulukker med førar og passasjerar, og skade du påfører andre.

Delkasko: Denne forsikringa dekkjer alt som ansvar gjer, i tillegg til vegjelp, tjuveri, brann og glasskadar på bilen.

Kasko: Dette er eit hakk opp frå delkasko, og dekkjer også skade på din eigen bil ekstrautstyr, maskin og bagasje.

Bil Pluss: Dette er den beste forsikringa vår og den dekkjer alt kasko gjer, men med ekstra god dekning på maskinskade. Du får også leigebil så lenge bilen din er på verkstad, og er dekt om du mistar nøklane dine eller fyller feil drivstoff. Med Bil Pluss får du også mindre eigenandel ved kasko-skadar.

Kven du bør velje kjem an på kva slags bil du kjøper og kor mykje du skal køyre. 

Samanlikn og kjøp den bilforsikringa som passar deg og dine behov her.

Dette bør du gjere når du skal selje bilen din

Når alle detaljane er på plass, kan nøklane skifte eigar og bilens nye eventyr kan begynne

Skal du selje bilen din, er det mange ting du må passe på. Spesielt om du skal selje den privat og ikkje via ein forhandlar.

Dette bør du gjere viss du skal selje den privat.

Før du sel den

Vask, støvsug og poler bilen nøye

Gjer bilen skikkelig rein, både utvendig og innvendig, så den fremstår best mogleg på bilda du skal ta. Poler den gjerne til den skin.

Sjekk dine plikter og rettar som seljar

Det er viktig å kjenne til rettane og pliktene dine når du sel bilen. Seljars opplysningsplikt går lenger enn kjøpars undersøkingsplikt. Ver ærleg.

Finn den riktige marknadsprisen på bilen din

Bruk nokre minutt til å finne tilsvarande bilar på nettet for å få eit utgangspunkt.

Sjekk bilens service- og verkstadhistorikk

Ha bilens service- og verkstadshistorikk tilgjengeleg for kjøparen.

Få ein salstest på bilen

Denne testen er meir omfattande enn ein EU-kontroll og vil gi deg og kjøparen ei nøytral vurdering av bilens tekniske tilstand og gir tryggleik for kjøparen. Ein slik test kan du mellom anna få hos NAF (ekstern lenke). 

Få bilen EU-godkjent

Er det mindre enn seks månader til du skal ha bilen på EU-kontroll igjen, bør du sørgje for at den blir EU-godkjent før du legg den ut for sal.

Lag ei god annonse

Bruk litt tid på dette steget. Tar du gode, detaljerte og mange bilder i dagslys, utan filter og forstyrringar i bakgrunnen, og skriv ned all nødvendig informasjon om bilen, kan det tiltrekkje seg seriøse kjøparar.

La annonseteksten vere kort og lett å lese, men gjerne litt personleg. Hugs at annonsen skal overtyde kjøparen om at det er din bil han må ha. Ver ærleg og nøyaktig når du oppgir fakta som bilens tilstand, køyrelengde eller ekstrautstyr. Hugs å leggje til kriterium som «tilhengarfeste» viss bilen din har det.

Når kjøperen skal overta bilen din

Prøvekøyre bilen?

Ønskjer kjøparen å prøvekøyre bilen din må du passe på at kjøparen har eit gyldig førarkort. Bli gjerne med på turen.

Skriv under ein grundig kjøpskontrakt / salskontrakt

Dette er salets viktigaste dokument! Kontrakten skal innehalde all nødvendig informasjon om kjøparen og seljaren og deira ansvar. I tillegg skal den beskrive bilens tilstand, eventuelle heftingar og detaljar som alder, køyrelengde og liknande. Viser det seg at kontrakten er mangelfull, kan du som seljar bli halden ansvarleg og bli nødt til å utbetre feilen eller justere prisen.

Det er fullt mogleg å bruke ein digital kjøpekontrakt som trygt kan signerast med BankID.

Her har du ei lenkje til NAFs gratis kjøpekontrakt og Forbrukerrådets standardkontrakt (eksterne lenkjer).

Fjern bombrikka fra bilen

Hugs at du må fjerne bombrikka frå bilen din og gjere nødvendige endringar hos bomselskapet ditt (slik at ikkje du blir belasta for bompasseringar i framtida).

Send inn salsmeldinga

Når både du og kjøparen har signert kjøpskontrakten og de har blitt einige om ein dato for overtaking, må du sende inn ei salmelding til Statens vegvesen.

Denne salmeldinga er viktig for at Statens vegvesen skal få registrert at køyretøyet har fått ein ny eigar. Blir ikkje denne fylt ut riktig, kan alle krav og avgifter framleis sendast til deg.

For å fylle ut salmeldinga treng du informasjon frå kjøparen og eventuelt andre medeigara, så det kan vere lurt at de fyller den ut saman.

På desse nettsidene til Statens vegvesen kan du lese meir om salmeldinga og levere den inn digitalt (ekstern lenkje).

Husk at kjøparen må teikne ei ny bilforsikring

For å få omregistrert bilen, må bilen ha ei gyldig ansvarsforsikring. Difor må den nye eigaren av bilen bestille ei bilforsikring på den før bilen blir teken i bruk.

Er salmeldinga godkjent, avsluttast nemleg den bilforsikringa som du hadde på bilen din automatisk – og skal bilen brukast må kjøparen kjøpe ei ny forsikring.

Kanskje ei av våre bilforsikringar er midt i blinken?

Ikke gløym omregistreringen

Når salmeldinga er godkjent, må omregistreringsavgifta betales hos Statens vegvesen (ekstern lenkje). Som regel er det kjøparen som gjer det – om den ikkje er inkludert i salgsprisen.

Deler av innhaldet er henta frå kjelder som NAF, Statens vegvesen, Nettbil, finn og Viking.

Dette bør du tenkje på når du skal kjøpe ei bilforsikring

Det er stor skilnad på å køyre 5 000 eller 15 000 kilometer i året. Når du kjøper ei bilforsikring på bilen, oppgir du også kor langt du trur du kjem til å køyre. Det kan vere lurt å ta litt ekstra i, så blir det ikkje noko problem om du plutseleg tek ein ekstra bilferie tur-retur Oslo-Lofoten.
Kvar bil har sin forsikringspris. Bilmerke, antal hestekrefter, utstyrspakker og årsmodell kan vere avgjerande for kor mykje bilforsikringa kostar.
Det er billegare å forsikre ein bil om du bur på eit lite tettstad, enn om du bur i ein storby. Sjansen for ulukkeshendingar er rett og slett mindre der trafikken ikkje er så høg.
Er du mellom 18 og 29 år, er det dyrare å ha ei bilforsikring. Men prisen trappast ned kvart år.
Har du ein veldig gammal bil, kan det vere at det held å kjøpe ansvarsforsikring. Men i dei aller fleste tilfelle anbefaler vi delkasko eller kasko. Då får du i tillegg til personskade, også dekka glasskade, tjuveri og brann. Redning og vegjelp er også gull verdt om uhellet skulle vere ute.
Mann og dame i bil som smiler til kvarandre

Kjøp bilforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige bilforsikringar. Sjekk kva som passar ditt behov.