Hopp til innholdet
Bildetekst

Eika Forsikring blir Fremtind

Eika Forsikring og Fremtind slår seg saman under namnet Fremtind frå og med 1. oktober 2024. Det betyr at vi går saman for å tilby deg gode forsikringar og tenester.

 

Kva betyr dette for deg?

For deg som kunde vil det meste vere som før. Det mest merkbare vil vere namnet Fremtind Forsikring på fakturaen din, men elles vil alt fungere som du er van med.

Du er framleis i trygge hender, forsikringane dine går som avtalt, og vi er her for å støtte deg med same dedikasjon og service som før. Det betyr at du kan ringje oss på det same telefonnummeret, melde frå om skadar som før, og logge inn på same stad for å sjå forsikringspapira dine.

Kvifor fusjonerer vi med Fremtind?

Eika Forsikring og Fremtind Forsikring passar godt saman. Sammenslåinga gjer at vi står endå sterkare i store og små lokalsamfunn over heile landet. Fusjonen vil styrkje oss ved å kombinere det beste frå to gode selskap.

Har du spørsmål?

Her finn du spørsmål og svar om fusjonen. 

Finanstilsynet har no godkjent samanslåinga mellom Fremtind Forsikring og Eika Forsikring.

– Dette er ein stor dag for oss, og vi ser fram til å samle kreftene våre. Planlegginga for fusjonen går som planlagt, og vi kan no mobilisere fullt ut i begge organisasjonar, seier konsernsjef Hege Toft Karlsen i Fremtind.