Tryggleik for fire poter. Slik kan du hjelpe din firbeinte ven
Når ulykka først er ute, gjeld det å vere godt førebudd. Her får du nokre enkle tips til å ta vare på hunden din viss noko uventa skjer.
Eig du ein hund, ser du gjerne på den som ein del av flokken din.
Men akkurat som med alle andre flokkar, kan uforutsette ting og uhell plutseleg skje. Då er det viktig at du er godt førebudd slik at du kan hjelpe dei når dei treng det som mest.
Her deler vi nokre enkle tips og triks for å hjelpe deg og hunden din, og vi byrjar med ting du kan førebudde allereie no.
Vit kvar du henvender deg og ha telefonnummer klare
Ha alltid telefonnummeret til veterinæren lagra på telefonen din.
Finn ut kvar den næraste veterinærklinikken ligg og når dei har oppe. Finst det ein døgnopen veterinærvakt i nærleiken?
Last ned FirstVet-appen og registrer kjæledyret ditt – jo før dess betre. Les meir om FirstVet her.
Har du kjøpt ei hundeforsikring frå oss, får du tre gratis videokonsultasjonar av FirstVet i året. FirstVet er tilgjengelege frå klokka 07 – 24, alle dagar i året.
Er det noko akutt, dreg du straks til veterinærklinikken og ringer på vegen slik at personalet står klare når de kjem.
Ha førstehjelpsutstyret i orden
Enten du er heime eller har tatt med deg hunden på tur, bør du alltid ha førstehjelpsutstyr tilgjengeleg. På turen treng du kanskje ikkje ta med alt, men det viktigaste i ein liten bag.
Her er ei oversikt over utstyret FirstVet anbefaler:
- Elastisk sjølvklebande bandasje
- Sjølvklebande bandasje bomull
- Softban bandasje
- Sportstape
- Ikkje-heftande kompresser
- Gaskompresser
- Rektal termometer
- Saks
- Pinsett
- Eingongssprøyter
- Halskrage
- Snuteband til hund
- Pre/probiotika
- Elektrolyttløyving (fremmar væskeopptak)
- Klorheksidinhaldande produkt (til dømes hibiscrub, Spot Gel).
- Fysiologisk saltvatn (9mg/ml)
- Medisinsk honningsalve
- Fuktigheitsskapande augelegel
- Flåttfjernar
- Hermetisk asparges på boks
- Reseptfrie allergitablettar (cetirizin eller loratidin)
- Reseptfri kortisonsalve
- Termometer
Ikke gløym vaksinar og HMS for kjæledyr
Sørg for at kjæledyret ditt har oppdaterte vaksinar og tar ein jamleg helsekontroll hos veterinæren.
Gå gjennom heimen din og fjern potensielle farer, som giftige plantar eller små gjenstandar som kan svelgjast.
Eksempel på kva som kan vere giftig for hunden din er:
- Sjokolade
- Rosiner og druer
- Nøtter
- Xylitol
- Lauk eller kvitlauk
- Jern
- Giftige plantar som liljer, liljekonvall, amaryllis, svibel, monstera, juleroser, julestjerner og thuja.
- Smertestillande som Paracetamol og Ibux
- Frostvæske
- Rottegift
- Narkotiske stoff
Bli kjend med hunden din. Merkar du noko er gale, følgjer du litt ekstra med.
Ikkje gløym band og refleksar. Sjølv den mest lydige hunden kan bli skremt eller distrahert. Så hugs bandet og bruk refleksar slik at hunden blir synleg i mørket.
Med desse råda er du godt på veg til å førebyggje i det daglege. Men kva gjer du når meir akutte situasjonar oppstår? Under har vi samla ei rekkje spørsmål og svar om det skulle skje.
Mykje av kjelda til svara er henta frå FirstVet.