Hopp til innholdet
Når kulda kjem, er det viktig å ta godt vare på heimen sin.
Husforsikring

Enkle grep for å unngå frosne rør og vasslekkasje

Vinter og kalde temperaturar kan gjere heimen din utsett for frostskadar – slik kan du unngå skadar med enkle grep.

Som huseigar har du eit ansvar for å førebyggje skadar på huset. Frost er ein hyppig grunn til skadar på rør, og difor er det viktig å ta jamlege statussjekkar.

– Fryste rør som kan sprekke, er alltid ein risiko når kulda kjem. Svingar temperaturen mykje i tillegg, kan det utgjere ein ekstra risiko. Då er det spesielt viktig å halde eit ekstra godt auge med våtrom og andre rom med rør, seier skadeførebyggjar Therese Hofstad-Nielsen i forsikringsselskapet vårt, Fremtind.

Hald temperaturen oppe

Når straumprisane kryp oppover, kan det vere freistande å senke gradene for å spare pengar. 35 prosent av oss vurderer å skru ned varmen i huset som eit sparetiltak. Samstundes vurderer 7 prosent å skru ned eller slå av varmen på hytta, kjem det fram i ei undersøking frå Respons Analyse.

Det kan bli ei skikkeleg frostfelle når kulda kjem.

– Sprengkulde og strømsparing er ein dårleg kombinasjon. Vi fekk ein kø av henvendingar frå frostramma kundar på starten av fjoråret, og i fleire tilfelle skuldast det at temperaturen var for låg inne. Hugs alltid å ha på tilstrekkeleg med varme i rom med vassrør – helst over 10 grader. Om du ikkje har tilstrekkeleg med varme på våtrom og rom med rør, kan du risikere å måtte ta delar av rekninga sjølv om du skulle få ei frost- eller vasskade, seier skadeførebyggjaren.

Vass- og frostsikring styrt frå telefonen

Alle kundane våre får inntil 17 prosent avslag på husforsikringa si, viss dei har vassstoppar og vassalarm installert.

– På same måte som vassstopparen stenger vatnet når den registrerer lekkasje, kan den stenge vatnet viss temperaturen blir for låg. Denne temperaturen set du sjølv, men vi tilrår ikkje lågare enn 10 grader. Om du har ein smart vassstoppar kan du også kople systemet til mobilen via ein app, som både gir deg varslingar dersom vatnet blir stengt, og moglegheit til å styre vanntilførselen frå telefonen, seier Therese.