Hopp til innholdet
Ein mann og ein ung gut sit i sofaen med pappøskjer på stovegolvet
Når det er på tide å flytte vidare og selje bustaden din, er det mykje som må ordnast. Her får du ei lita sjekkliste for å kome i gang.
Tips- og rad

Dette bør du gjere når du skal selje bustaden din

Treng du større plass eller ei leilegheit med heis? Her får du som skal selje bustaden din nokre gode og praktiske råd på vegen.

Det å selje heimen din er ikkje berre-berre, for det er mykje som skal gå på skinner før alt er klappa og klart. Ikkje minst bør du sørgje for at du har økonomien i orden og har bestemt deg for om du skal selje eller kjøpe først.

I denne artikkelen får du ei lita guide over ting som er verdt å vite om salsprosessen, og vi startar med noko av det viktigaste: å velje den riktige meklaren.

Finn deg ein god eiendomsmeklar

Når du skal velje ein meklar kan det vere lurt å sjekke meklaren sine referansar og omdømme og velje ein meklar som du kan stole på og som kjenner området du skal selje bustaden din i.

Eigedomsmeklaren vil mellom anna sørgje for at bustaden din får:

  • Ei verdivurdering og prisantydning
  • Ei tilstandsrapport av ein takstmann
  • Eit godt prospekt når bustaden blir lagt ut for sal
  • Ei god og relevant marknadsføring av bustaden din

Meklaren vil også gjennomføre visningane, budrunden, kontraktsmøtet og oppgjeret for deg.

Gjer bustaden din klar for sal

Når du skal selje bustaden din, er det alfa og omega at du skaper eit godt heilheitsinntrykk – både inne og ute. Bustaden din må jo skilje seg ut frå alle andre bustadar som er til sals der du bur.

Bruk god tid på å rydde og vaske bustaden grundig, og reparere ting som er øydelagde, også i garasjen og boden. Ein ryddig bustad ser større og romslegare ut. Kan du for eksempel leige ei bod og la småmøblar og andre eigedelar stå der fram til bustaden din er seld?

Vurder samtidig om du bør male nokre veggar og tak. Bustaden får eit heilt nytt liv med eit malestrøk eller to og kostar som regel ikkje skjorta.

Stylar du bustaden i tillegg, gir du mogelege kjøparar eit godt førsteinntrykk og hjelper dei med å sjå for seg at dei kan flytte rett inn og skape seg eit nytt heim der.

Ein rein, ryddig og styla bustad tek seg betre ut på bileta som skal takast og kan tiltrekkje seg fleire kjøparar, potensielt føre til eit raskare sal og ein betre pris.

Bli kjent med ansvaret ditt som seljar

Avhendingslova er ei norsk lov som regulerer kjøp og sal av fast eigedom, og frå starten av 2022 blei desse reglane strengare. No er du som seljar huset pliktig til å fortelje kjøparen alt du veit om bustaden din, og ikkje berre selje han med atterhald om «som han er».

Det betyr at du som seljar er sjølv ansvarleg for å setje deg inn i informasjon om tilstanden til bustaden og andre salgsdokument, og fortelje om skjulte feil eller manglar. På den måten blir bustadhandelen både tryggare og meir føreseieleg.

Gjer bustaden klar for visning

Sjølv om du allereie har vaska og styla bustaden din for prospektet og annonsen, kan det ta litt tid før det er visning. Ta ein ekstra runde med kluten, rydd unna rot og leidningar før visningsdagen.

Nederst i denne artikkelen finn du ei sjekkliste over ting du bør gjere både inne og ute før visning.

Ha is i magen under budrunden

Meklaren handterer som sagt budrunden for deg og vil gi deg råd om kva bod som er verdt å vurdere. Hugs at det ikkje berre er pris som er viktig, men også betingelsar som overtakingstidspunkt.

Ikkje gløym at du må vere tilgjengeleg på telefonen for meklaren når budrunden pågår.

Signer kjøpskontrakten

Når du har akseptert eit bod du er nøgd med, er det på tide å skrive under på kjøpskontrakten. Dette skjer vanlegvis under eit kontraktsmøte saman med meklaren og kjøparen.

Her går de gjennom viktige detaljar rundt eigarskiftet og blir einige om ting som kva dag den nye eigaren kan ta over bustaden din på.

Ta ein skikkelig flyttevask

Når bustaden din er tom for personlege eigedelar og møblar, tar du ein skikkeleg flyttevask. No skal tak, veggar, vindauge, kjøleskapet og steikeomnen skrubbast ordentleg og sluka på badet og kjøkkenet rensast.

Sørg for ei smidig overtaking

Når dagen for overtakinga er komen, møter du og den nye eigaren, og eventuelt meklaren om du ønskjer det, opp ved bustaden din. Saman går de gjennom bustaden din for å sjå at alt er som avtalt, les av straumen og vassmålaren og fyller ut ein overtakingprotokoll.

Kjøparen kjem blant anna til å sjekke at hen er nøgd med reingjeringa, at det ikkje har skjedd nokre skadar etter visninga og passe på at alt fungerer som det skal. Sørg gjerne for at du har alle nødvendige bruksanvisningar og kvitteringar tilgjengeleg og vis korleis enkelte ting fungerer.

Den signerte overtakingprotokollen sender du så inn til meklaren, som deretter startar prosessen med tinglysing og oppgjeret.

Når du har gitt frå deg nøklane og oppgjeret er klart, må du også hugse på å avslutte dei gamle abonnementa dine på for eksempel straum og nettleige.

Sist, men ikkje minst, bør du sørgje for at du har alle forsikringane du treng.

Ikkje gløym forsikringane

Når du skal selje bustaden din, bør du sjekke at du har alle forsikringane du treng.

Nederst i denne artikkelen får du ei oversikt over kva som er kjekt å vite om forsikringane våre når du sel bustaden din.

Vi anbefaler også at du kjøper ei bustadsalgarforsikring, også kalla eigarskifteforsikring.

Boligselgarforsikring / eigarskifteforsikring

Når du sel ein bustad, er det alltid ein risiko for at kjøparen kan finne problem du ikkje var klar over. Utan ei bustadsalgarforsikring kan du som seljar bli heldt økonomisk ansvarleg for å dekkje kostnader knytte til desse problema, og det kan bli svært dyrt.

Med ei bustadsalgarforsikring blir dette ansvaret overført til forsikringsselskapet og forsikringa kan dekkje dei økonomiske krava kjøparen kan ha, gitt at krava fell inn under dekninga av forsikringsavtalen.

Forsikringa gir både deg som seljar og kjøparen ein ekstra tryggleik om at eventuelle klager blir handtert.

Høyr med meklarføretaket om dei tilbyr ei bustadsalgarforsikring om du meiner den er aktuell for deg.

Er du klar for å kjøpe ein bustad?

Uansett om du har bestemt deg for å selje eller kjøpe først, kan jakta på draumebustaden vere like, om ikkje meir, omfattande og spennande.

Her kan du lese vår guide med smarte råd og triks: steg for steg gjennom helie bustadkjøpsprosessen.

Her er sjekklista du bør gå gjennom før du skal ha visning

  • Støvsug, vask, rydd og luft godt i heile bustaden. Det gjeld også i garasjen, oppå loftet, i boden og nedi kjellaren.
  • Fjern alle "småmøblar" for å skape romkjensle.
  • Fjern alle personlege eigedelar som tannbørstar, sjampoflasker, familiebilete og liknande. Dei som kjem på visning skal kjøpe sitt framtidige heim, ikkje heimen til dei som
  • bur der i dag. Det er lettare å skape kjensla av "her kan eg bu!" for ein potensiell kjøpar utan at kjøleskapet ditt er fullt av teikningar og postkort.
  • Fjern lause gjenstandar som fjernkontrollen, leidningar, leiker, klutar og oppvaskbørstar.
  • Rydd klede, sko og andre ting inn i skap.
  • Rei opp sengene i eit reint sengetøy i ein nøytral og lys farge. Har du eit sengeteppe å leggje over er det endå betre.
  • Bytt ut lyspærer som ikkje verkar, og vurder om du bør bytte til ein høgare watt i lampene for meir lys.
  • Vask vindauga grundig.
  • Skru på varmekablane.
  • Trekk frå gardinene og ta opp persiennene.
  • Lat det vere varmt og lunt når det er kaldt ute, og svalt og luftig når det er varmt ute.
  • Kjøp inn friske blomar, tenn på stearinlys og fyr i peisen.

Uteområda dine, som terrassen, hagen, trappeoppgangen, garasjen og gardsplassen er også med på å skape eit førsteinntrykk av bustaden din - og korleis du har behandla dei.

  • Vask og rydd verandaen. Legg gjerne nokre puter på møblane og pynt med potteplantar.
  • Rydd vekk syklane, leikene, stigen og andre ting som ligg langs husveggen eller inngangspartiet. Søppel fjernar du så klart, og luktar det fælt av søppelkassa, vasker du den
  • og køyrer ein tur til avfallsanlegget for å kvitte deg med avfallet.
  • Klipp plenen, hekken og buskane, og luk i blomsterbedet viss du har ein hage.
  • Rydd og vask trappeoppgangen.
  • Rydd ute også om vinteren og sørg for å måke snø.
  • Parker eigne bilar langt unna eigedomen (ikkje på din eigen gardsplass).