Hopp til innholdet
Klar for uvêret. Med nokre enkle førebuingar kan du stå støtt, sjølv når vatnet stig.
Tips- og rad

Slik kan du førebu deg på flaum og uvêr

Her får du 10 gode råd som kan beskytte deg og huset ditt mot naturkreftene.

Noreg kan by på eit uforutsigbart klima. Plutseleg høljer det ned eller bles så hardt at huset ristar. Då er det viktig å vere godt førebudd, og i denne artikkelen vil du få nokre enkle og praktiske råd for å beskytte heimen din før uvêret og naturkreftene tek overhand.

10 gode råd for å sikre heimen din

1. Kjøp ei husforsikring

Noko av det aller første du bør gjere, er å kjøpe ei bustadforsikring (viss du ikkje allereie har ei).

Husforsikringa vår, dekkjer naturskadar som direkte skuldast naturulykker som for eksempel skred, storm, flaum, stormflo eller flodbølgjer.

2. Sørg for at avløp og kummar er opne, slik at vatnet har fritt leide

Dette hjelper vatnet å renne bort i staden for at det hopar seg opp og potensielt fløymer over inn på eigedomen din.

3. Pass på at bekker som ligg i nærleiken ikkje er demde opp av hageavfall, kvistar eller andre gjenstandar

Fjern alt som hindrar vatnet å flyte fritt. Det reduserer sjansen for oversvømmingar. Flytt dei til ein stad der dei ikkje kan bli tekne av vatnet.

4. Rydd hagen før flaumen kjem

Er det fare for flaum, fjern alle møblar, lause materialar, grillen og ting som kan bli tekne av vatnet vekk frå hagen din. Då kan dei verken bli tekne av flaumen eller skade din eller naboen sin eigedom.

5. Løft ting opp frå golvet

Er det fare for at vatn kan kome inn i kjellaren eller garasjen din, bør du løfte gjenstandar opp frå golvet. Set ting i hyller, reolar og plastboksar som toler vatn.

6. Fjern lause teppe og lause golvbelegg

Ikkje berre kan dei bli øydelagde av vatn eller skade andre ting, men det blir mindre rot å rydde opp i etterpå.

7. Lukk dører og vindauge til kjellar og loft. Dekk til med sandsekkar om det er nødvendig

Dette kan bidra til å halde mykje av vatnet ute og redusere noko av risikoen for vasskadar inne.

8. Følg med på nyheitene

Følg med på nyheitssendingar og meldingar frå lokale styresmakter. Ved ei stor hending, kan det bli sett i verk tiltak frå styresmaktene.

9. Følg med på naturfarevarslar der du bur

På varsom.no (ekstern lenkje) kan du sjekke aktuelle naturfarevarslar frå Norges vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk institutt i området du bur.

Du kan også abonnere på varsla på e-post og SMS straks dei blir publiserte.

10. Få hjelp av naboar eller vener

Er du ikkje heime, bør du gjere ein avtale med naboane eller venene dine, slik at dei kan halde eit auge med huset ditt og gjere nødvendige tiltak viss det trengst.

Visste du at?

Ved sidan av storm, er flaum og skred dei naturfarane som gjer størst skade og tar flest menneskeliv i Noreg.

Kjelde: regjeringen.no