Hopp til innholdet
Dame reinsar takrenne på hus
Det skal ikkje så mykje til før takrennene er klare for vinteren, men det er eit par andre ting du bør sjekke også.
Tips- og rad

Slik tar du vare på huset ditt om hausten

6 enkle råd både du og eigedomen din vil setje pris på før vinteren kjem.

Når hausten bankar på døra, temperaturen ute byrjar å krype nedover og du mest av alt har lyst til å trekkje deg inn under eit varmt teppe … Då fristar det kanskje ikkje så mykje med ei aldri så lita påminning om ting du burde få unna før vinteren set inn?

Men det er nettopp det vi skal prøve oss på. Sjekkar du nemleg huset og hagen din med jamne mellomrom, kan du førebyggje mykje før det er for seint.

Vi har samla 6 enkle råd både du og eigedomen din vil setje stor pris på i ettertid.

Sjekk taket og reins takrennene

Har du sjekka taket ditt i det siste? Er alle taksteinene på plass og er dei heile? Er beslaget rundt pipa tett? Ta deg ein tur opp i stigen og sjekk etter mose, sprekker eller andre skadar.

Sjekk også tilstanden på eventuelle beslag, isbord og vindskier (bordene som avsluttar taket i endane).

Kva med takrenna di – er ho reinsa for lauv og skit?

For å unngå at takrennene tettar seg til, kan det vere lurt å leggje inn ein lauvfangar.

Sjekk loft og kjellar for fukt

Er det skjolder på veggane eller taket på loftet ditt eller nede i kjellaren? Sjekk alle krikar og krokar og gjerne bak skap eller andre møblar også viss du kjem til.

Finner du nokre mistenkelege skjolder eller flekker, bør du kontakte fagfolk og fikse problemet før det blir større.

Test stoppekrana og steng utekrana

Når uhellet er ute og du må ta i bruk stoppekrana, er det veldig dumt om du då finn ut at krana sit bom fast når du verkeleg treng å få stengt ho.

Vil du unngå omfattande vasskade, kan det vere lurt å teste om ho faktisk fungerer. Veit du ikkje kvar ho er? Då anbefaler vi deg å finne ut av det så fort du har lese denne setninga her.

Det same gjeld viss du har ein utandørs stoppekran. Den bør du uansett også stenge for vinteren.

Reins eller bytt filter på varmepumpa

Det er superviktig å ha god ventilasjon og luft. Dei fleste varmepumpene i dag har eit filter du bør rense jamleg. Støvsug dette filteret gjerne ein gong i veka, men ta ein ekstra økt om hausten.

At du reinsar dette filteret ofte har også noko å seie for kor godt den presterer.

Hald ei brannøving med heile husstanden, bytt batteria på røykvarslarane og sjekk pulverapparata

Dei fleste dødsbrannar i Noreg skjer i bustadar. Det er ein av årsakene til at Norsk Brannvernforening anbefaler alle å ha ei brannøving heime ein til to gonger i året.

Du har kanskje vore med på ei eller anna form for brannøving på skulen eller på jobben. Men det er som regel heime du oppheld deg mest, og der du søv.

Sørg derfor for å ta ei skikkeleg brannøving med heile husstanden.

Bytt samtidig batteria på alle røykvarslarane i huset og sjekk at pulverapparata er intakte og står på grønt. Vend gjerne apparatet opp ned slik at pulveret ikkje klumpar seg.

Rydd det som kan ryddast

Med litt ekstra tid til overs kan det passe ypperleg å ta tak i den kanskje lengste dørstokkmila: å få rydda i garasjen, på verandaen, i kjellaren, på loftet og i boden eller i klesskapet.

Start i det små. Begynn med å pakke bort utemøblane, syklane og sommarutstyret og ta det derfrå.

Samtidig får du jo ei oversikt over det du ikkje treng lenger og kan selje eller gi bort, og kva verdiar du faktisk har.

Med desse enkle tipsa, er du på god veg til ein tryggare vinter, og når snøfugga dalar ned, får samvitet ditt kvile.

Visste du at?

Husforsikringa dekkjer bygningen og det som er fastmontert. For å dekkje ting som møblar, klede og TV, treng du i tillegg innbuforsikring.
Kvinne og to barn lagar middag

Kjøp husforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige husforsikringar. Sjekk kva som passar ditt behov.