Hopp til innholdet
Ikkje gå på ein kostbar smell - vel den riktige forsikringa før du begynner å pusse opp.
Innboforsikring

Gjeld innbuforsikringa di når du pussar opp?

Nokre gonger ja, andre gonger nei. Det kjem heilt an på om du har den riktige forsikringa. Her får du vite kva som gjeld når og med nokre gode råd på vegen.

Kvart år brukar nordmenn over 90 milliardar kroner på å pusse opp hytter og hus. Ein svimlande sum berre i seg sjølv, og vi tør nesten ikkje tenkje på kor mykje den summen endar på når oppussinga går skeis.

Du kan sjå det for deg: veggar, berande konstruksjonar, golv eller tak må rivast, pussast, sparklast, skjerast, fugast og hamrast.

Lista over ting du må passe på er lang, og då har vi ikkje ein gong tatt med alt førearbeidet som må med: eventuelle anbod, søknader og løyve, budsjett og så vidare.

Men eit godt tips er å begynne med å velje den riktige forsikringa.

Ei vanleg innbuforsikring dekkjer nødvendigvis ikkje alt

Innbuforsikringa di dekkjer, som ordet seier, innbuet ditt. Det vil seie alle tinga dine som ikkje er fastmontert i bustaden din.

Blir desse tinga utsett for brann, vasskade eller innbrot, er det innbuforsikringa som gjeld.

Har du sikra tinga dine?

Innbuforsikringa gir deg også fri rettshjelp om du hamnar i ein konflikt med ein handverkar.

Men kva om TV-en din knuser når du flyttar på den eller seksjonen velter og pulveriserer alt innhaldet mens du pussar opp?

Skadar du innbuet ditt ved plutselege og uforutsette hendingar når du pussar opp, blir det ikkje dekka av ei vanleg innbuforsikring. Då er det Innbo Pluss du må ha.

– Det er mykje som skjer ved ein oppussing, der ting blir flytta rundt og pakka ned. Uhell kan skje ved at ting velter, og det er fort gjort å skrape opp for eksempel møblar. Då kjem ei god forsikring godt med. Vår Innbo Pluss-forsikring dekkjer slike skadar som skjer ved uforutsette hendingar for inntil hundre tusen kroner, seier Hege Alfei Sæbø i Eika Forsikring.

Så viss du tenkjer på å pusse opp snart, bør du kanskje vurdere å oppgradere innbuforsikringa di først?

Du kan samanlikne dei to innbuforsikringane våre og kjøpe ei av dei her.

Det er mykje du kan gjere sjølv. Men la fagfolk ta seg av det elektriske og VVS.

Her er nokre gode råd når du skal pusse opp

Overlat fagarbeidet til fagfolk

Er du handy, er det freistande å gjere mykje av oppussinga sjølv. Men rør og elektrisk arbeid, eldstaden og pipa, må du overlate til dei som kan det. Gjer du feil her, kan det ikkje berre vere farleg, men også frykteleg dyrt.

Ver forsiktig i høgda

Må du stå på noko for å rekke heilt opp dit du skal male? Sørg for å stå på ein stødig gardintrapp eller stige, og tenk på tryggleiken. Eit fall kan skade både deg og omgjevnadene.

Skal du rive veggane?

Skal du flytte eller rive veggar, kan det vere lurt å spandere på seg ein time med ein byggeteknisk konsulent. Då får du ei kvalifisert vurdering på om dette går ut over beringa, el-anlegget eller skjulte vassrøyr.

Ha det ryddig

Oppussing fører ofte til rot. Noko uorden må det nødvendigvis bli sidan ting må ryddast bort og dekkast til. Men pass på at sjølve arbeidsområdet ditt er ryddig. Det minimerer farar for at noko går gale, dett i golvet eller blir øydelagt undervegs.

Sjekk skjøteledningane

Skjøteledning til arbeidslampe eller verktøy blir flittig brukt under oppussing. Sjekk at skjøteledningen du bruker er av god kvalitet, utan synlege feil. Leidningar som ligg i ein kveil kan bli overbelasta, noko som kan føre til at dei blir for varme og i verste fall brannfarlege.

Det kan vere litt slitsamt, men når du spikrar opp det siste panelet på soverommet, eller monterer listene på den veggen du sjølv har malt - då kjem nok godfølelsen snikande.

Lukke til!

Har du sikra tinga dine?

Heimen din rommar ofte større verdiar enn du trur. Ei god innbuforsikring sikrar alle tinga du typisk tar med deg når du flyttar inn.