Hopp til innholdet

Meld skade på bygningar og eigedelar

Logg inn og vel forsikringa det gjeld. Svar på spørsmål om kva som har skjedd. Ved behov for befaring vil ein av leverandørane våre ta kontakt innan kort tid.

Gårdshus, Bondegård, Gård

Meld skade på bygningar og eigedelar

Her kan du melde skade på bygningar og eigedelar.

Spørsmål og svar

Ved akutt vasskade: Steng av vatnet (stoppekran). Ring røyrleggjar viss du ikkje får stoppa vatnet. Slå av sikringa i området som er påverka. Flytt lause gjenstandar. Fjern vatn der det er mogleg.
Viss skaden blir dekt av forsikringa, vel vi ein leverandør som reparerer skaden, eller føretar eit kontantoppgjer.
Meld skaden til politiet. Sikre staden. Skaff oversikt over tapet og dokumentasjon på dette.
Skaden må meldast til Landbruksdirektoratet via Altinn. Når du har fått erstatningsbeslutninga derifrå, ber vi deg sende over dokumentasjonen til oss. Vi treng denne for å ta stilling til erstatninga dersom du har kjøpt tilleggsdekninga.

Ein naturskade er definert etter nærare reglar:

  • Storm
  • Flom
  • Skred
  • Jordskjelv

Blir du ramma av ein naturskade bør du, om det er forsvarleg, sikre verdiane dine.

Viss det er varsla flom eller storm, bør du sikre gjenstandar på ein forsvarleg måte, som til dømes å flytte eigedelar opp frå golvet og sikre lause gjenstandar.