Hopp til innholdet

Meld skade på produksjonsdyr

Det vil gå fram av forsikringsbeviset ditt kva for hendingar som blir dekte av forsikringa. Generelt vil forsikringa dekkje dyr som døyr, blir avliva av dyrevernmessige omsyn, og som følgje av ulykke, sjukdom eller begge delar, avhengig av kva for forsikring du har.

Meld skade på produksjonsdyr

Her kan du melde skade på produksjonsdyr.

Spørsmål og svar

Sikre dyrevelferden, ta kontakt med veterinær ved behov og eventuelt Mattilsynet. Meld kvar enkelt hending så raskt som mogleg til oss.

Ein naturskade er definert etter nærare reglar:

  • Storm
  • Flom
  • Skred
  • Jordskjelv

Blir du ramma av ein naturskade, bør du om det er forsvarleg sikre verdiane dine.

Viss det er varsla flom eller storm, bør du sikre gjenstandar på ein forsvarleg måte, som å flytte eigedelar opp frå golvet og sikre lause gjenstandar.