Hopp til innholdet
Ei mor og eit barn som sit ute og et.

Testament
  • Alt blir kvalitetssikra av advokat
  • Justify lagrar dokumenta for deg
  • Arvingar får tilgang etter din død

Unngå unødig krangling i familien 

Eit digitalt testament gir deg moglegheit til å sjølv bestemme kven som skal få dine eigedelar etter at du har gått bort.

Med Justify kan du enkelt opprette og vedlikehalde eit gyldig testament utan å måtte oppsøke advokat.

Få oversikt over di arvesituasjon og fordel verdiane dine. Du kan registrere forskot på arv og sende personlege meldingar til etterlatte. Oppdater testamentet enkelt ved behov.

Tenesta blir levert av Justify

For forespurnader og støtte, ta kontakt med Justify.
Her forklarer jurist Trude Sem Langfeldt i Justify kva eit testament er, kva fordelar det har og kvifor du bør skaffe deg eit testament i dag.

Prisar og vilkår for testament

Pris
Opprette testament kr 2 990
Kvalitetssikring av advokat Inkludert
Forsendelse med pakkesporing Inkludert
Endring av testamentet Gratis i 12 måneder
Sikker lagring av dokumenta Livet ut
Tilgang til testamentet for arvingar ved din død Inkludert

Spørsmål og svar om testament

Arvelova har reglar om fordeling av verdiar og gjeld du etterlet deg. Du har likevel moglegheit til å bestemme over enkelte ting i eit testament. Med Justify får du sjå kva moglegheiter du har i eit testament, basert på opplysningar som du legg inn om din familiesituasjon.

Du kan registrere deg gratis med BankID, prøve arvesimulatoren og sjå korleis din arv vil fordelast. Du har ingen kjøpeforpliktingar og betalar berre dersom du ønskjer å ferdigstille ditt testament.

Pliktarv er det dine arvingar har krav på som ein minimumsarv når du døyr. 

Friarv er det du kan disponere fritt over i eit testament.

Ved å legge inn nokre opplysningar om din familiesituasjon hos Justify, kan du enkelt sjå kva kvar av dine arvingar vil ha krav på i pliktarv og kva friarv du sjølv kan disponere over. Utrekninga følgjer arvelovas reglar og tek omsyn til din livssituasjon og oppgitt formue.

Du kan når som helst sjå ditt testament på Min side hos Justify. Derfrå kan du enkelt gjere endringar og tilpassingar i testamentet.

Dersom du gjer endringar som krev ny signatur, vil Justify sende deg ei ny dokumentpakke for signering. Denne må returnerast til Justify i ein ferdigfrankert returkonvolutt.

Etter at du har signert og returnert testamentet til oss, vil vi oppbevare originalen i eit låst og brannsikkert skap, samt gjere tilgjengeleg ein digital kopi som du kan finne ved å logge inn på Min side.
Justify er integrert mot registrerte dødsfall i folkeregisteret. Når ein av våre kundar går bort, vil vi varsle dei etterlatte. Alle som har testament hos Justify kan vere trygg på at testamentet vil bli utlevert til den eller dei som er sette til å handtere arveoppgjeret.

Andre juridiske tenester vi tilbyr

Usikker på kva du treng?

Svar på nokre enkle spørsmål i behovskartleggaren og finn ut kva produkt som er mest aktuelle for deg.