Hopp til innholdet

Spørsmål og svar om betalingsforsikring 

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla om betalingsforsikring  

Ofte stilte spørsmål  

Betalingsforsikring er ei forsikring som dekkjer ditt månadlege terminbeløp på lånet ditt dersom du skulle bli arbeidsledig/permittert, sjukmeld, innlagt på sjukehus eller opplever samlivsbrot. I tillegg dekkjer forsikringa uteståande restgjeld på lånet ditt ved dødsfall.

Du kan kjøpe forsikringa samtidig som du tek opp lånet, eller på eit lån du allereie har. Dette gjer du enkelt ved å logge inn i mobil- og nettbanken og finne oversikta over lånet ditt og alle lånetenester.

Forsikringa består av fem dekningar:

  • Livsforsikring
  • Dekning mot arbeidsløyse og permittering (denne dekninga gjeld kun fast tilsette)
  • Sjukehusinnlegging (denne dekninga gjeld kun sjølvstendig næringsdrivande)
  • Dekning ved sjukmelding
  • Dekning ved samlivsbrot

Forsikringa dekkjer inntil 15 000 kr per månad i inntil 12 månader per skadetilfelle for hhv. ufrivillig arbeidsløyse/permittering, sjukmelding og sjukehusinnlegging. For samlivsbrot blir 50 % av det månadlege terminbeløpet dekka i 3 månader, og utbetalt som ei eingongserstatning. Ved dødsfall blir restgjelda dekt inntil 750 000 kr.

For ei meir utfyllande beskriving av dekningsomfang og unntak, sjå vår produktinformasjon om betalingsforsikring.

Du som har eit lån i Eika Kredittbank kan kjøpe denne forsikringa. I tillegg må du kunne stadfeste at du:

  • Er fast tilsett i minimum 50 % stilling i minimum 6 månader samanhengande eller er sjølvstendig næringsdrivande.
  • Ikkje har vore sjukmeld i meir enn 30 dagar samanhengande dei siste 12 månadene, og mottar ikkje sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, dagpengar, uføretrygd eller liknande stønad eller erstatning.
  • Ikkje har mottatt personleg varsel om arbeidsløyse eller varsel om permittering, eller burde ha grunn til å rekne med føreståande ufrivillig tap av arbeid.

Forsikringa gjeld frå den datoen du kjøpte forsikringa, føresett at lånet ditt er utbetalt og at første premietermin på forsikringa er betalt. Forsikringsstartdato vil også framgå av forsikringsbeviset ditt.

Du får forsikringsbevis, opplysningar om forsikringsproduktet og fullstendige forsikringsvilkår frå oss når du kjøper forsikringa.

Prisen på betalingsforsikringa blir rekna som ein prosentsats av ditt månadlege terminbeløp og utgjer 7,9 %. Til dømes, om ditt månadlege terminbeløp er 1 000 kroner, vil forsikringspremien vere 79 kr per månad.

Forsikringspremien blir betalt saman med lånet kvar månad.

Om du ikkje betalar premien, vil forsikringa opphøyre. Forsikringa opphøyrer 14 dagar etter at du har mottatt eit purrevarsel frå oss.

Eika Kredittbank bereknar ein forholdsmessig del av premien frå selskapet (for tida 58 %) for formidling, gjennomføring og forvaltning av forsikringsavtalen. Dette skal dekke kostnader for formidling, gjennomføring, forteneste samt forvaltning av forsikringsavtalen.

Du kan når som helst seie opp forsikringa ved å logge inn i mobil- og nettbanken og gå til lånetenestene tilknytta ditt lån.

Dei første 14 dagane etter kjøp er angrerettperioden. Dersom du har betalt premie i denne perioden, vil du få refundert premien frå oss. Last ned og fyll ut angrerettskjema og send det til oss på kredittbank@eika.no.

 

Du kan melde skade direkte til skadehandteraren ved å følgje denne linken. Skadehandterar er Crawford & Company, og kan kontaktast på telefon 67 55 25 00 eller e-post: company@crawco.no.

 

Dei viktigaste avgrensingane finn du i vår produktinformasjon for betalingsforsikring. Det er også ein karensperiode på dei ulike forsikringsdekningane. Karensperiode er tida som må gå før du kan rette eit krav om forsikringserstatning. I tillegg har du ein eigenandelsperiode som gjeld frå dagen du kan rette eit krav om erstatning. Karensperioden er 30 dagar for hhv. sjukmelding og sjukehusinnlegging, og 90 dagar for hhv. ufrivillig arbeidsløyse og samlivsbrot. Ved dødsfall er det verken karens- eller eigenandelsperiode.

 

Erstatningsutbetalingar blir utbetalt frå forsikringsselskapet til Eika Kredittbank AS for kreditering av lånet ditt.

Forsikringsvilkår finn du her.