Hopp til innholdet
Eit eldre par sit ved eit bord og ser på ulike papir og ein PC.
Billan

For deg som ikkje ønskjer eller kan handtere lånet ditt digitalt

I eit virvar av digitale banktenester er det framleis mogleg å løyse mykje på den «gamle», analoge måten.

Analoge tenester for deg som treng det

Vi veit at både samfunnet og bankane sine produkt og tenester er i stadig endring, der det meste blir digitalisert. Likevel er det ikkje alle kundar som ønskjer å vere heldigitale eller har moglegheit til å handtere bankkvardagen elektronisk på nett.

Er du ein av dei som framleis likar å gjere ting på «den gamle» måten eller har behov for assistanse når det kjem til bruk av digitale løysingar? Vi har samla alt du treng å vite om våre analoge tenester i samband med billån og lån til andre køyretøy på denne sida. Du kan også laste ned vår informasjonsbrosjyre eller kontakte oss for å få denne tilsendt per post.

Slik søkjer du om lån til bil og andre køyretøy

Ønskjer du å søkje om billån eller lån til andre køyretøy, må du sende oss ei skriftleg henvending om dette per post (brev).

Du må stadfeste at du ikkje har BankID eller tilgang til digitale tenester som t.d. nett- og mobilbank for å kunne søkje om kredittkort eller lån manuelt.

Når henvendinga er mottatt, vil vi sende deg nødvendige dokument og ei beskriving av den vidare prosessen per post. Vi kan sende dokumenta kun til di folkeregistrerte adresse og anbefaler at du sjekkar at denne er korrekt.

Spørsmål og svar om ikkje-digital søknad

 Er du ein av dei som ikkje har BankID eller ikkje kan få BankID, har vi moglegheit til å utføre legitimasjonskontroll på følgjande vis:

1. Du må sende bevitna kopi av gyldig legitimasjon per post.

Gyldig legitimasjon er:

  • Norske og utanlandske pass (ikkje naudpass)
  • Norske nasjonale ID-kort
  • Norske førarkort
  • Norske bankkort med bilete
  • Nasjonale ID-kort utstedt av eit EØS-land (ei oversikt over desse er presentert i utlendingsforskrifta vedlegg 4)
  • Norsk utlendingspass (blått pass)
  • Norsk reisebevis for flyktningar (grønt pass)

2. Ein bevitna kopi av legitimasjon betyr at korrektheita av dokumentet er stadfesta av to vitne eller annan dokumentasjon i tillegg – t.d. kopi av sjølvmelding eller anna dokument utstedt av offentleg myndigheit.

Ønskjer du å bruke privatpersonar som vitne, må desse vere over 18 år og busett i Noreg. Vitna må oppgi følgjande informasjon og signere på sjølve arket med legitimasjonskopien:

  • Fullt namn
  • Fødselsdato
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • Stadfeste at dokumentet er rett kopi og at det tilhøyrer vedkomande som må legitimerast
  • Stad/dato

Synest du dette verkar komplisert, har vi utarbeidd eit eige skjema du kan bruke. Ta kontakt med oss for å få skjemaet tilsendt per post.

For at vi skal kunne tilby sikre ikkje-digitale tenester, må vi innhente kopi av legitimasjon manuelt. Både kopi av pass og førarkort inneheld sensitive personopplysningar som t.d. ditt personnummer. Vi ønskjer ikkje at slike opplysningar skal sendast på e-post, og dermed må vi bruke brevkorrespondanse som einaste form for sikker kommunikasjon.

Har vi spørsmål vi ønskjer å oppklare i samband med skriftlege henvendingar vi har mottatt frå deg, vil vi kontakte deg per telefon. Ved å ta ein prat unngår vi moglege misforståingar og kan avtale prosessen vidare i den aktuelle saka.

Ønskjer du å gi fullmakt til andre for å handtere dine kredittkort, smålån, billån eller lån til andre køyretøy hos oss, må du sende oss ei skriftleg henvending om dette per post (brev). Legg ved bevitna kopi av legitimasjon. Sjå forrige avsnitt for meir informasjon om dette.

Så snart henvendinga er mottatt, vil vi sende deg fullmaktsskjema for utfylling og signering. Vi vil også gi deg ein kort beskriving av prosessen vidare.

Ønskjer du at fullmaktsinnehavar skal ha eit tilleggskredittkort tilknytt din kredittkortavtale, kan du spesifisere dette i brevet du sender til oss. I så fall vil du motta ytterlegare dokumentasjon som må fyllast ut.

Sjølv om du ikkje brukar våre digitale løysingar i dag, kan det hende at du ønskjer å ta dei i bruk på eit seinare tidspunkt.

I så fall må du sende oss ei skriftleg henvending per post (brev). Sammen med brevet må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon (sjå eige avsnitt om dette lenger opp på sida). Skriv gjerne at du ønskjer å ta i bruk våre nettbaserte tenester og eventuell dato for overgang frå det analoge til det digitale. Du må også stadfeste at du har gjeldande BankID-avtale.

Vi vil då avslutte utsendinga av lovpålagde dokument per post (t.d. årsoppgåver) og vil levere alle dokument digitalt i mobil- og nettbanken.

Ønskjer du å motta eFaktura, må du sjølv godta «Ja takk til alle» i mobil- og nettbanken. Ønskjer du rettleiing rundt dette, kan du ta kontakt med kundesenteret.

Ønskjer du å ta ein pause frå det digitale, må du sende oss ei skriftleg henvending per post (brev). Sammen med brevet må du legge ved bevitna kopi av legitimasjon (sjå eige avsnitt om dette lenger opp på sida).

Skriv gjerne at du ønskjer å bruke våre ikkje-digitale tenester og oppgi ønskja dato for endringa. I tillegg må du stadfeste at du ikkje lenger har gyldig BankID-avtale og tilgang til mobil- og nettbank.

Vi vil då etterkome ønsket ditt og sende ut framtidige lovpålagde dokument (t.d. årsoppgåver) per post.

For deg som har eit løpande lån

Opplysningar om lånesaldo, innbetalingar og nedbetalingsplan

Ønskjer du å vite saldoen på lånet ditt, få tilsendt oversikt over innbetalingane du har gjort på lånet, eller få ein oppdatert nedbetalingsplan, ta kontakt med kundesenteret på telefon +47 915 03 850, så hjelper vi deg.

Faktura per post

Du vil motta papirfaktura automatisk dersom du ikkje har tilgang til mobil- og nettbank.

Har du tilgang til mobil- og nettbank, må du sjølv sørge for å avslå «Ja takk til alle eFaktura». Lurer du på korleis du gjer det, må du ta kontakt med banken du har nettbankavtale med.

Ekstrainnbetalingar på lånet

Du kan betale inn ekstra på lånet ditt når du sjølv ønskjer det. Bruk same KID- og kontonummer som på dine tidlegare tilsendte fakturaer. Dette er ditt faste og personlege KID-nummer som skal brukast kvar gong du utfører ei innbetaling.

Sluttoppgjer

Når lånet er nedbetalt, vil du motta ei sluttfaktura frå oss som stadfestar at lånet er innfridd og at låneavtalen avsluttast. Treng du ytterlegare dokumentasjon i samband med at lånet er nedbetalt, ta gjerne kontakt med oss, så hjelper vi deg.

Lurer du på noko anna?

Ta kontakt med oss på telefon eller e-post, så hjelper vi deg!
  

E-post: billaan@eika.no

Teleon: (+47) 918 06 270