Kor mykje kan eg låne?
Før du startar jakta på draumehuset, må du ha finansieringa i orden. Lurar du på kor mykje du kan låne? Vi hjelper deg. Her får du ein guide som hjelper deg frå start til slutt.
Klar for å kjøpe bustad?
Før du kastar deg ut i bustadjakta, er det viktig å vite kor mykje du kan låne. Første steg er å skaffe eit finansieringsbevis. Finansieringsbeviset er ei stadfesting frå banken som viser kor mykje du kan låne basert på din økonomiske situasjon. Med eit finansieringsbevis i handa, er du klar til å delta i bodrundar.
Skaff deg eit finansieringsbevis her.
Kor mykje bustadlån kan eg få?
Når vi vurderer kor mykje du kan låne til bustad, ser vi på heile din økonomiske situasjon - frå inntekt og utgifter til framtidige forpliktingar, for å vurdere di betalingsevne. Ei sunn betalingsvilje er òg viktig, noko som betyr at vi ser på dine betalingsvanar og eventuelle betalingsmerknadar.
Dette ser vi på for å vurdere kor mykje du kan få i bustadlån:
-
Lønna di
Som hovudregel kan du totalt låne opp til fem gonger din brutto årsinntekt, inntekta di berekna før frådrag og skatt. Dette inkluderer all gjeld som kredittkort, studielån, billån. Til dømes, med ei årsløn på 500 000 kroner, kan du låne opptil 2 500 000 kroner.
-
Eigenkapital
Eigenkapital er pengar som du har spart opp til bustad, den delen av bustaden sin pris du sjølv finansierer. Vanlegvis krev ein minimum 15 % eigenkapital når du kjøper bustad og treng bustadlån. Har du ekstra tryggleik, som til dømes i annan eigedom, kan dette kravet justerast. -
Anna gjeld
All gjeld du har blir tatt med i berekninga. Dette inkluderer kredittkort, studielån, billån og anna gjeld.
-
Betalingsvilje
Din generelle økonomiske situasjon blir vurdert for å sikre at du har evna til å betene bustadlånet over tid. Vi ser på korleis det står til med økonomien din.
Når vi vurderer låneevna di, må vi òg forhalde oss til utlånsforskrifta. Alle bankar i Noreg må følgje denne forskrifta, som gir føringar for kor mykje du kan ha i bustadlån.
Kor mange gonger inntekt kan eg låne?
Utlånsforskrifta seier at du som låntakar kan låne totalt fem gonger inntekta di. Dette gjeld alle typar lån inkludert kredittkort, studielån, billån og liknande. Til dømes: Tjenar du 500 000 kroner i året, kan du maksimalt låne 5 x 500 000 = 2 500 000 kroner.
Om de er to personar som skal ha bustadlånet saman, tel begge inntektene. Dersom den eine tjenar 450 000 kroner og den andre 500 000 kroner, kan de maksimalt låne 4 750 000 kroner. Hugs at all gjeld tel i berekninga. Har du til dømes eit kredittkort med ei ramme på 20 000 kroner, vil det telje med i berekninga.
Sjekk ut vår bustadlånskalkulator som gir deg ei rask oversikt over kor mykje du kan låne.
Eg manglar eigenkapital - kva kan eg gjere?
Om du manglar eigenkapital, kan du få hjelp av ein kausjonist. Ein kausjonist, ofte foreldre med eigedom, gir ein garanti ved å stille sin eigen bustad som tryggleik for ditt bustadlån. Det er viktig at både du og kausjonist er innforstått med ansvaret dette inneber, snakk med oss for å få ei oversikt over kva det inneber å vere kausjonist. Vi hjelper deg å finne den beste løysinga som passar deg.
Mellomfinansiering - Når du kjøper før du sel
Om du planlegg å kjøpe ny bustad før du har selt noverande bustad, kan mellomfinansiering vere ei god løysing. Mellomfinansiering er eit kortsiktig lån som hjelper deg å overta ny bustad inntil du mottar oppgjeret frå din noverande bustad.
Korleis kjem eg i gang?
Vi er her for å hjelpe deg mot målet om ditt nye heim. Å skaffe deg finansiering treng ikkje vere komplisert. Er du klar til å ta det første steget? Skaff deg finansieringsbevis her.
Din bustaddraum kan vere nærare enn du trur.
Kor mykje bustadlån kan eg få?
Bustadguiden
Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.