Korleis søkjer eg?
- Søknaden skal innehalde utfylt søknadsskjema, prosjektskildring og budsjett.
- Søknaden sendast per epost til gavefond@sognbank.no
- Du kan også sende søknaden per post til Sogn Sparebank, Statsråd Evensensveg 8, 6885 Årdalstangen.
- Merk emnefelt eller konvolutten med "Søknad gåvefondet".
Bruk av gåvemidlane
- Det er forventa at alle som får tildelt midlar frå gåvefondet, utarbeidar ein kort evalueringsrapport som orienterar om gjennomføring og rekneskap
- Sogn Sparebank ynskjer også å nytte aktivitetsresultatet fritt i banken si marknadsføring. Dette blir avtalt konkret med kvar enkelt mottakar.
- Banken kan krevje midlane attende dersom prosjektet ikkje vert gjennomført.
Avslag og grunngjeving
Gåvegruppa vil ikkje grunngje eventuelle avslag på søknadar.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kundesenteret vårt på tlf. 57 64 85 10 eller gavefond@sognbank.no .Du kan også kontakte leiar for kommunikasjon og kundeopplevingar, Ragnhild Skahjem Tofastrud, på tlf. 57 64 85 70 eller gavefond@sognbank.no