Saman mot kvitvasking
Som bank har me eit ansvar for å bekjempe økonomisk kriminalitet, svindelforsøk og ID-tjuveri. Me er derfor pålagt å kjenne til identiteten til alle våre kundar og innhente legitimasjon og opplysningar om deg som kunde, slik at me aktivt kan beskytte dine økonomiske interesser samt ivareta vårt samfunnsansvar. Det betyr at me vil kontakte deg enten via telefon, e-post, brev eller i nettbanken. Der treng me at du svarar på nokre spørsmål slik at informasjonen me har om deg er korrekt.
Dersom me ser at det manglar gyldig legitimasjon frå deg. kan ein konsekvens bli at nettbank, mobilbank, kort og konto sperrast inntil me har registrert dette på deg.
Nye privatkundar
Kva spør me om?
Du må opplysa om namn, fødselsnummer eller D-nummer og fast adresse. Du må også vise pass eller ha BankID frå anna bank. I tillegg må du opplysa om:
- Kundeforholdets formål
- Kvifor du ynskjer å gjennomføre større transaksjonar
- Kvar pengane kjem frå eller kva dei skal brukast til
- Om du eller nokon av dine nærståande har eit høgtståande verv eller stilling i utlandet
Eksisterande kundar
Du som allerede er kunde
Fleire av våre kundar blir kontakta av banken med beskjed om at dei må legitimera seg med gyldig pass og svara på nokre spørsmål angåande sitt kundeforhold. Årsaken er at me dessverre ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon på alle kundars identitet i våre arkiv. Som bank må me dokumentera ovenfor styresmaktene at me kjenner til våre kundar. Du må vere forbredt på å svara på desse spørsmåla:
- Stadfesting av identitet - gyldig pass
- Kvar kjem pengane dine fra?
- Korleis du vil bruke banken sine tenestar og produktar?
- Kvifor du ynskjer å gjennomføra større transaksjonar?
Nye bedriftskundar
For nye bedriftskundar gjeld det same som for nye privatkundar.
I tillegg må du opplyse om følgande:
- Foretaksnamn, organisasjonsnummer og eigarforhold
- Er det privatpersonar, som aleine eller saman med nokon i nær familie, har direkte eller indirekte eigenandeler på meir enn 25 prosent, eller på nokon i nær familie, har direkte eller indirekte eigarandeler på meir enn 25 prosent, eller på nokon anna måte kontrollerar virksomheita
- Representerar ovanfor bedrifta eller personar med disposisjonsrett over bedriftens midlar må legitimera seg, samt dokumentera sin rett til å opptre på vegne av bedriften