Hopp til innholdet

Betalingsløysingar

Vi forstår at kvardagen din er travel og full av val. Difor tilbyr vi fleksible betalingsløysingar som er skreddarsydd for å møte dine behov - du får tilgang til ei enklare, tryggare og meir tilpassa betalingsoppleving.

Ei enklare kvardag tilpassa dine behov

Med smarte betalingsløysingar får du ein smidigare bankkvardag slik at du kan fokusere mindre på bank og økonomi, og meir på dei fine kvardagsaugeblikka. Her finn du tips og råd som kan hjelpe deg til å ta i bruk banken i det daglege.

 

Spørsmål og svar om betaling 

Dersom du må sperre ditt bankkort eller kredittkort, kan du gjere dette sjølv under "Sperre kort" i mobil- og nettbanken. Alternativt kan du ta kontakt med vår døgnopne sperreteneste ved å ringe +47 915 03 850.

Du kan hente PIN i nettbanken for alle bank- og kredittkorta dine. Logg deg inn i nettbanken. Vel "kort" og "hent PIN" i nettbanken. I mobilbanken finn du "hent PIN" under menyvalet "kort".

Våre kort kjem no utan bilete og personlege opplysningar. Vi har valt dette på grunn av risiko ved tap av kort. All personleg informasjon som kontonummer, namn, personnummer, signatur og bilete kan kome på avvegar ved tap av kort med bilete.

Du vil automatisk bli spurt om du ønskjer AvtaleGiro når du betaler ei rekning i nettbanken til ein mottakar som tilbyr dette. Du kan då opprette avtalen der og då, og litt avhengig av hyppigheit vil neste betaling gå automatisk som AvtaleGiro.

Har du tidlegare takka nei til eit tilbod om AvtaleGiro vil du framleis finne tilbodet ved å gå inn på "Betalingar", "Betalingsavtalar" og vel "AvtaleGiro" øvst på sida. Her vel du "Opprett ny" ved å trykke på dei tre strekane oppe til høgre på sida.

Finner du ikkje tilbodet her, kan du inngå avtalen via AvtaleGiro sine eigne nettsider: AvtaleGiro. Følg lenka og trykk på "Inngå avtale her og no!".

Du kan velje å få varsel enten via betalingsoversikt (månaden før forfall) eller be om varsel direkte frå betalingsmottakar.

I mobilbanken: Gå til Meny -> Betalingar -> Betalingsavtalar -> her kan du velje AvtaleGiro, eFaktura og Faste betalingar.

For å bruke eFaktura må du gi ein generell aksept for eFaktura. Dette gjer du enkelt i nettbanken eller i Vipps. Sjå korleis her.

Du vil motta eFaktura frå alle som tilbyr det rett i mobil- og nettbanken. Ved å aktivere «automatisk eFaktura» vil du kunne motta rekningar frå bedrifter som du tidlegare ikkje har motteke eFaktura frå. Det er ikkje lenger mogleg å inngå avtale mot den enkelte bedrift.

Du må hugse å gå inn og godkjenne faktura før forfall, og du vil motta varsel på e-post når du har ei ny eFaktura i nettbanken.