Hopp til innholdet

Bli med i Fordelsprogrammet

Ønskjer du å få gode rabattar og kampanjar – meld deg på fordelsprogrammet vårt i mobil- og nettbanken. Det er heilt gratis å vere med, og du kan enkelt melde deg av. Det einaste du må ha er eit Eika Kredittkort 😍

Spar nokre kroner når du handlar i kvardagen!

Sjølv små beløp kan utgjere ein forskjell.

Som fordelskunde kan du nytte deg av faste rabattar og løpande kampanjar. Det einaste du treng å gjere er å melde deg på i mobil- og nettbanken og følgje med på våre månadlege nyheitsbrev.

 

Slik melder du deg på:

  1. Logg inn i mobil- og nettbanken.
  2. Meld deg på under Eika Kredittkort, Administrer kortet ditt, Fordelsprogram.
  3. Bruk ditt Eika Kredittkort og få rabatten utbetalt til kredittkortet.

Visste du at?

Vi har over 15 000 påmeldte fordelskunder og plass til mange fleire.

Spørsmål og svar om fordelsprogrammet

Så enkelt er det:

  • Meld deg på Fordelsprogrammet i mobil- og nettbanken. Logg inn, vel ditt Eika Kredittkort deretter Administrer kortet mitt og Fordelsprogram. Er du ikkje påmeldt får du ikkje opptent rabatt.
  • Bruk jamleg ditt Eika Kredittkort.
  • Ta storhandelen på laurdagar slik at du kan spare litt på daglegvarehandelen.
  • Betal månadskort eller billettar for kollektivtransport som tog, buss og trikk med kredittkortet.
  • Hald deg oppdatert på aktuelle tilbod slik at du ikkje går glipp av noko.

Det er viktig å legge merke til at kjøp gjort med kredittkorta Eika Tilsett eller Eika Bedrift ikkje gir rabatt. Sjekk alltid beskrivelsen under kvart av dei aktuelle tilbodene som gir deg detaljert informasjon om vilkåra for rabatten i kampanjeperioden.

Litt om bransjekodar:
Alle brukerstader er registrert med ein bransjekode i Visa sitt nettverk. Dette for å tydeleggjere kva kategori brukerstaden høyrer til. Vi står ikkje ansvarleg for eventuelle feilregistreringar som fører til uteblitt rabatt. Det vil ikkje bli utbetalt rabatt på kjøp som fell inn under andre bransjekodar.





Du kan maksimalt opptene 500 kr i rabatt per månad, og 2 500 kr per kalenderår. Beløpsgrensene omfattar alle faste rabattar og løpande kampanjar i løpet av året.
Rabatten blir automatisk utbetalt til ditt Eika Kredittkort månaden etter at kjøpet er gjort. Sjå etter «Eika rabatt» i transaksjonsoversikta i mobil- og nettbanken eller på din månadlege faktura, så får du oversikt over kva du har spart. Hugs at det alltid lønner seg å betale heile fakturaen ved forfall.