Hopp til innholdet
Jente betaler for T-banen i London med Eika Kredittkort.
Du kan enkelt betale med ditt Eika Kredittkort når du reiser kollektivt i Noreg og i utlandet.
Kredittkort

Faste fordelar

Bli kjent med dei faste rabattene du får når du betalar med ditt Eika Kredittkort. Hugs at du må vere påmeldt fordelsprogrammet for å få rabattene. Påmeldinga finn du i mobil- og nettbanken.

Desse fordelane får du no:

God mat og drikke høyrer jula til! No får du 2 % rabatt på all daglegvarehandel i perioden 17.–24. desember når du betalar med ditt Eika Kredittkort.

Slik får du rabatten
Rabatten får du i norske og utanlandske butikkar registrert med følgjande bransjekoder:

  • 5411 - Daglegvare
  • 5499 - Diverse matbutikkar

Psst! Bestilling av ulike matkasser gir ikkje rabatt. Det same gjeld dersom du ikkje er påmeldt i rabattprogrammet, vel å handle ein annan dag i løpet av veka eller betalar med Eika Ansatt eller Eika Bedrift kredittkort.

 Reis billegare og meir miljøvennleg!

Hos oss får du 2 % rabatt på all kollektivtransport når du betalar med ditt Eika Kredittkort. Uansett om du tek toget, bussen eller trikken, kan du få litt tilbake for ditt berekraftige val.

Rabatten gjeld hos alle brukerstader registrert med følgjande bransjekoder:

  • 4111 - Kollektivtransport i urbane område, t-bane, trikk osv.
  • 4112 - Persontog
  • 4131 - Buss

Rabatten gjeld i Noreg og i utlandet.

Tilleggsfordelar uavhengige av fordelsprogrammet:

Har du planar om ein liten ferie med dei du er glad i? Bestill hotellopphaldet på Visa sin kampanjeside på Booking.com og få opptil 6 % rabatt når du betalar med ditt bankkort eller Eika Kredittkort uavhengig om du er påmeldt fordelsprogrammet eller ikkje.

Slik får du rabatten:

  • Rabatten gis i samarbeid med Visa og det er viktig at du bestiller hotellopphaldet på kampanjesida. Gjer du eit vanleg søk og bestiller frå den ordinære nettsida vil du ikkje opptene rabatt.
  • Legg inn kampanjekoden VISABKNG under "Få tilgang til spesialtilbod" øvst på sida.
  • Registrer deg eller logg deg inn på din Booking.com-konto. Du må vere innlogga for å få rabatten.
  • Søk etter overnatting. Vel overnattingsstader som viser eit kroneavslag på pristilbodet slik som vist i eksempelet under. Prisavslaget er angitt i kroner og merka med grøn bakgrunn: "Få NOK 70 i avslag".
  • Vel "Betal no" eller "Betal seinare med Booking.com" ved utsjekking. Vel du å betale seinare på hotellet vil du ikkje få rabatt.
  • Betal med ditt bankkort eller Eika Kredittkort.
  • Når bookinga er fullført, vil du få ei stadfesting på e-post som viser summen du har betalt for hotellopphaldet og rabatten du har fått.

Om tilbodet:

  • Tilbodet er gyldig frå 1. oktober 2023 og kan brukast av alle som har Visa bank- eller kredittkort.
  • Rabatten gis kun på bestillingar gjort på Visa sin kampanjeside.
  • Komplette betingelsar og vilkår for kampanjen finn du her (dokumentet er på engelsk).
  • Vel du "Betal seinare på hotellet" eller avbestiller eit opphald vil du ikkje få rabatt.
  • Tilbodet er ikkje gjeldande for all overnatting som er tilgjengeleg på Booking.com.
  • Rabatten leverast som eit samarbeid mellom Booking.com og Visa. Eika Kredittbank kan ikkje stillast ansvarleg for uteblitt rabatt eller tekniske feil ved bestilling av eit hotellopphald.

Ha eit hyggeleg hotellopphald til rabatterte prisar!