Innbu- og reiseforsikring dekkjer ikkje nødvendigvis alt

Innbuforsikringa gjeld berre når bunaden er heime, og reiseforsikringa berre når du er på reise. – Både innbu- og reiseforsikringa har avgrensingar når det kjem til skadeårsak og erstatningssum ved skadar som kan oppstå på bunaden, fortel Anita Tomter, fagansvarlig - frekvensskader eiendom og ting, i Eika Forsikring. Har du Innbo Pluss er du dekt for fleire skadar på bunaden, men det dekke berre opptil 30.000 kroner. Reiseforsikringa erstattar ikkje hendeleg uhell og skader du sjølv påfører bunaden. 

– Det er smart å kjøpe ei eiga forsikringa for bunaden, seier Anita Tomter. 

Ei bunadsforsikring dekkjer alle plutselege og uventa skadar. Det kan vere sølv som fell av, svimerkjer, rifter eller uheldige kaffi-, raudvin-, eller ketchupflekker.   

Skal bunaden vere med på reise?

Mange reiser Noreg rundt, og enda lenger, for å gjeste slekt og venner ved festlege høve. Då er det kjekt å ha ei verdigjenstandsforsikring som dekkjer bunaden når den blir send som innsjekka bagasje. – Sølvet må du pakke i handbagasjen for å sikre full erstatning, opplyser Anita. 

– Ei verdigjenstandsforsikring er smart for verdifulle eigedelar som du er ekstra redde for og ofte tek med deg ut av bustaden. Du kan kjøpe slik forsikring for blant anna smykke, klokkar, kamerautstyr, syklar og anna sportsutstyr, informerer Anita. 

Du kan lese meir om vår verdigjenstandsforsikring her.