Hopp til innholdet
To menn og ei kvinne sitt i hytteveggen framfor eit vatn

Livsforsikring
  • Gjev økonomisk tryggleik hvis du døyr
  • Anbefalast til deg med forsørgjaransvar og gjeld
  • Dekker alle dødsårsakar

Kvifor treng du livsforsikring?

Livsforsikring dekker dødsfall, uansett årsak. Ho gjev ei eingongsutbetaling viss du døyr før du fyller 80 år. Du bestemmer sjølv kven som skal motta utbetalinga. 

Summen kan brukast til kva som helst, og blir ofte brukt til å nedbetale gjeld.

Om forsikring

Forsikringene våre leveres av Fremtind, men det er oss i banken du skal kontakte hvis du har spørsmål eller trenger hjelp.

Spørsmål og svar om personforsikring

Livsforsikring, òg kjent som dødsfallsforsikring, gjev ei eingongsutbetaling til dine etterlatne viss du døyr før året du fyller 80. Alle frå 18 til 70 år kan kjøpe ei livsforsikring. Ynskjer du å kjøpe ei livsforsikring, må du fylle ut ei helseerklæring.
Prisen på ei livsforsikring avheng først og fremst av kva forsikringssum du vel. Jo høgare forsikringssum, jo høgare vil prisen vere. Prisen stig òg i takt med alderen din. Det er fordi risikoen vi har aukar jo eldre du blir. Prisen kan bli høgare viss du har ei sjukehistorie eller står i risikosonen for å få ei sjukdom. Dette kjem fram av helseerklæringa.
Vi anbefaler at du dekker din del av gjelda til husstanden i tillegg til ei årsløn. Då slepp dei etterlatne å bekymre seg for økonomien viss du går bort. Mange vel å dekke heile gjelda.
Du bestemmer sjølv kven som får utbetalinga. Det gjer du ved å begunstige eller ved eit testament. Viss ingen blir begunstiga eller oppnemnd i testamentet, følgjer utbetalinga arvelova. Ynskjer du at andre enn eventuell ektefelle skal motta utbetalinga, er det viktig at du begunstigar desse. Det kan vere sambuar, særkullsbarn eller andre du ynskjer skal motta utbetalinga dersom du døyr. Hugs at utbetalinga for livsforsikringa er skattefri.

Snakk med en av rådgiverne våre om livsforsikring

Eileen Bjørnestad Dale

Eileen Bjørnestad Dale

Rådgjevar forsikring

57 64 85 26