Kva er nettmobbing?

Nettmobbing er publisering av materiale på nettet med vondsinna hensikt, der målet er å fremma forlegenheit, audmjuking eller uro.

Ofte ved bruk av forfalska eller avslørande bilete og videoar, sjikanerande meldingar og trugslar, stygge kommentarar i kommentarfelt, samt å fryse nokon ut frå sosiale grupper og ikkje gi dei respons på noko av det dei deler. Dette er noko som særskild rammar ungdom.

Nettmobbing er eit problem som er i kraftig vekst, og når mange foreldre ikkje veit kven dei skal vende seg til dersom barnet deira blir utsett for digital mobbing, viser det til eit behov for både betre informasjon og sikkerheit rundt temaet, fortel Didrik Samuelsen Stensrud, Produktsjef i Eika Forsikring.

Kva dekkjer forsikringa?

Onlineforsikringa dekkjer kostnadane ved psykologisk pleie for inntil ti timar og utgifter for inntil 25.000 kroner til såkalla omdømestyring, dvs. tiltak som er utforma for å rette opp omdømet til dei som er ramma.

Målet er da å slette bestemt innhald, som eit bilete eller ein video frå indeksen til ein søkjemotor. Spor frå nettstader, fora, blogg og sosiale nettverk blir då ikkje vist lengre, eller vises i det minste ikkje øvst i søkjeresultata.

Gode råd:

  • Lær barna dine fornuftig mediebruk
  • Snakk om nettmobbing
  • Ta barna på alvor når de snakkar om mobbing og ikkje bagatelliser deira opplevingar
  • Ta kontakt med klasseforstandar og/eller foreldra til dei som mobbar
  • Få hjelp dersom hendingane ikkje stoppar (bistand, rådgiving)