Ski og utstyr blir gjerne stole frå alpinanlegg, utanfor afterskien, frå hytteveggen og frå skiboksar på parkerte bilar.

Pass på skiutstyret 

Tips for å halde tjuvane unna skiutstyret: 
  • Bruk dei låsbare skistativa i skianlegga eller sørg for at somme passar på skiene.
  • Skaff deg ein enkel skilås, desse blir selde i utvalde sportsbutikkar og skisenter.
  • Dersom du ikkje har lås kan det hjelpe å setje frå seg skiene separat, tjuven er ikkje interessert i berre ein ski og vil sjeldan ha tid til å leite.
  • Ikkje bruk skiboksen som lagringsplass for skiene.
  • Unngå å setje skiene inntil hytteveggen dersom det kan vere lett for uvedkomande å få dei med seg derfrå. 

Kva om skiutstyret ikkje blir stole, men øydelagt?

- Skulle du vere så uheldig at skiene dine brekker som følgje av eit fall, er det dessverre lite å hente på forsikringa, opplyser Anita Tomter, skadesjef i Eika Forsikring. Ski og sportsutstyr blir ikkje erstatta ved skadar som skjer mens du bruker utstyret, så vis skivett i bakken, oppfordrer hun.

Kva om du sjølv blir skadd? 

- Reiseforsikringa vil alltid vere god å ha om du sjølv skulle vere så uheldig å bli skadt av ei ulukke i skibakken. Då får du dekt dokumenterte utgifter til lege, medisinar, transport og liknande. Dersom det medisinske personalet må klippe opp klærne som følgje av ei ulukke vil du også få erstatta desse, fortel Tomter.

Her kan du lese meir om vår Reiseforsikring.

Hugs også: 

  • Bruk hjelm
  • Alkohol og skikøyring passar ikkje saman. 

Vi ønskjer alle ei god og sikker påske i alpinbakken!