Hopp til innholdet
En dame lener seg ut av bilvinduet med en bilnøkkel i hånden
Visste du at vi er blant marknadens beste på bilbonus?
Bilforsikring

Blant marknadens beste på bilbonus

Kjøper du ei bilforsikring av oss, får du 60 % startbonus og ein av marknadens raskaste bonusoppteningar. Sjekk ut fleire av fordelane under.

Det kan lønne seg å kjøpe ei bilforsikring av oss. Her får du nemleg:

60 % startbonus og berre 5 år til maksbonus

Hos oss får du nemleg ein startbonus på heile 60 prosent og ein av marknadens raskaste bonusoppteningar.

«Frå startbonus til maksbonus tar det deg faktisk berre 5 år», fortel Tor Håkon Ballo, Direktør Produkt og Pris i Eika Forsikring.

Samme bonus på bil nummer ein og to

Viss du berre har ein bil frå før, får du i tillegg den samme bonusen på bil nummer to.

Har du for eksempel 60 prosent bonus på bilen du har forsikra, får du altså 60 prosent bonus på bil nummer to.

Maks 10 prosent bonustap

Viss du er uheldig og får ein skade, kan du samtidig trøyste deg med at du hos oss får berre 10 prosent bonustap, uansett kva bilforsikring du har valt.

– Vi veit at kundane forventar at mindre skadar skal dekkast, og det er vi jo sjølvsagt einige med dei i, avsluttar Ballo.

Ikkje kjøpt ei bilforsikring enno?

Hos oss kan du velje mellom fire ulike bilforsikringar: Sjekk kva for ei som passar for deg og behova dine her.

Spørsmål og svar

Når du køyrer pent og ikkje krasjar bilen, får du ei belønning frå oss i form av ein bonus, altså ein rabatt på forsikringsprisen din.

Jo lenger du går utan å krasje, jo større blir bonusen din, og jo mindre må du betale for forsikringa. Men viss du er uheldig og krasjar, mistar du litt av bonusen din, og forsikringa går opp i pris igjen.