Hopp til innholdet
Ansatte i Sogn Sparebank

Sommarjobb i Sogn Sparebank

Er du på utkikk etter ein spennande sommarjobb der du kan få verdifull arbeidserfaring og utvikle dine ferdigheiter innan bank og finans? Sogn Sparebank søkjer engasjerte og serviceinnstilte sommarvikarar til vårt kundesenter!

Arbeidsoppgåver:

  • Kundebehandling og rådgjeving
  • Håndtering av daglege banktransaksjonar
  • Assistere med administrative oppgåver
  • Delta i ulike prosjekt og kampanjar

 

Kundesenteret vårt:

Kundesenteret er hjartet i Sogn Sparebank. Her møter vi kundane våre med eit smil og sørgjer for at dei får den hjelpa dei treng. Som sommarvikar vil du spele ei viktig rolle i å oppretthalde den høge standarden for kundeservice som vi er kjende for. Du vil få moglegheita til å lære om ulike banktenester og utvikle dine ferdigheiter innan kommunikasjon og problemløysing.

 

Kvalifikasjonar:

  • Pågåande eller fullført utdanning innan økonomi, administrasjon eller liknande
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Kjennskap til bruk av IT-verktøy og system

 

ME tilbyr:

  • Ein lærerik og utfordrande sommarjobb
  • God opplæring og oppfølging
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for vidare engasjement
  • Kontorstad på eit av våre kontor i Sogn
  • Moglegheit til å starte opplæringa i god tid før sommaren

 

Me ynskjer deg som kan jobbe mest mogeleg i løpet av sommarferien. Send din søknad og CV til rst@sognbank.no innan 10. desember. Me ser fram til å høyre frå deg!