Hopp til innholdet
bilete av folk som har hender i veret
Bilete av ei forsamling der folk ber om ordet.
Juridisk

Kundeval 2024 - bruk di stemme

Årets kundeval vert gjennomført 21. - 27. oktober. 

Endringar i vedtekter påverkar kundevalet

Under årets generalforsamling vart det vedteke endringar i banken sine vedtekter. Ein av desse endringane var storleiken på generalforsamlinga, der alle grupper som er representert vil bli redusert. Viser til vedtak i protokollen frå generalforsamlinga 17.04.2024, og er tilgjengeleg på heimesida til banken, samt på Oslo Børs.

Kven kan stemme?

Sparebanken sine myndige kundar som har, og i dei siste seks månadane har hatt eit engasjement på minimum 5.000 kroner har stemmerett ved val av kundane sine medlemer og varamedlemer til generalforsamlinga. Kvart kundeforhold gjev ei røyst når ikkje anna følgjer av lova eller vedtektene. Ingen kunde har meir enn 2 stemmer, ei på grunnlag av eige kundeforhold, og ei som representant for annan kunde.

Korleis foregår valet?

Årets kundeval vert gjennomført 21.10.24 - 27.10.24. 
Valet føregår digitalt, med innlogging med BankID. Dei som ikkje har høve til å nytte denne løysinga, kan stemme over skranken på utvalde kontor.