Råd til deg som vil inn på bustadmarknaden
Bustadprisane i Noreg har stege kraftig mange stader, noko som kan gjere bustaddraumen utfordrande. Her er våre beste råd til deg som vil inn på bustadmarknaden.
Forventa prisutvikling i bustadmarknaden
Eigedom Norges bustadprisstatistikk har vore dyster lesing for mange unge som drøymer om å kjøpe ny bustad, og ikkje berre i hovudstaden. Rekordlåg bustadlånsrente og få førstegangskjøpsobjekt til sals har pressa prisane opp. I løpet av dei siste åra har bustadprisane i Noreg stige med om lag seks prosent i året. Med allereie rekordhøge prisar er det forventa at den høge bustadlånsrenta held prisane i sjakk resten av året, og eit godt stykke inn i neste år. Etter at rentene toppar, vil bustadprisane truleg stige igjen, men i eit meir moderat tempo.
Når prisane er høge, må mange kjøpe mindre bustader for å ha råd. Enkelte kjøparar som tidlegare såg på 3-roms, ser no på 2-roms. Dette kan vere ei mellombels løysing for å få ein fot innanfor bustadmarknaden.
Lurer du på kor mykje du kan låne, her gir vi deg ein guide.
Raskaste veg inn på bustadmarknaden
Å kjøpe bustad er den største investeringen mange gjer i livet. Å spare opp nok eigenkapital er utfordrande for mange. Ei løysing kan vere at foreldre er med på bustadkjøpet som kausjonist eller medlåntakar.
Alternativt kan ein kjøpe leilegheit saman med ein ven eller partner, då det er rimelegare å kjøpe ein 3-roms saman enn å kjøpe kvar sin 2-roms. Dette kan vere ei mellombels løysing for å få ein fot innanfor bustadmarknaden.
Tenk langsiktig
Sjølv om ein drøymer stort, er det gjerne forskjell på drøymebustaden og det første skrittet inn på bustadmarknaden. Tenk langsiktig og husk at bustadreisa di må starte ein stad. Er bustadprisane i sentrum for høge no, betyr ikkje det at du aldri kan bu der. Start bustadreisa litt utanfor bykjernen for å ta del i bustadprisveksten.
Plassering
Vel eit område med gode buss- eller togforbindelsar for enklare tilgang til næraste by. Dette gir fleksibilitet og kan vere ein økonomisk fordel.
Planlegg økonomien nøye
Eit bustadkjøp kostar meir enn salsprisen. Tenk over korleis du vil leve etter at faste utgifter som mat, transport, renter, avdrag, forsikring, vedlikehald, straum og eigedomsskatt er betalt. Vil du prioritere bustaden, eller ønskjer du å ha rom for sparing og feriar?
Oppussing kan gjerast rimeleg. Eit nytt IKEA-kjøkken kan koste rundt 20 000 kroner, maling kan gjerast sjølv, og badet kan oppgraderast kostnadseffektivt.
Vi finn løysingar for deg
Snakk med oss om dine behov og ønskjer. Vi er flinke til å finne løysingar som større bankar kanskje ikkje tilbyr. Våre rådgivarar kan hjelpe deg med å setje opp ein økonomisk oversikt, slik at vi saman kan finne ut kor mykje du kan låne. Vi ønskjer at du skal kunne leve komfortabelt med bustadlånet ditt, og vurderer derfor heile økonomien din.
Har du spørsmål om bustadlån?
Kom i gang med sparing i BSU.
Bustadguiden@headingTag>
Det er mykje å tenkje på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenkje på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.